Tilretteleggingstilskot ved opplæring i bedrift

Opplæringskontor og lærebedrifter kan søke om tilskot for lærlingar som har behov for ekstra oppfølging og tilrettelegging. 

Kva kan du søke om støtte til?

Søk om tilskot til ekstra personellressurs som kan følge opp lærlingen tettare og legge til rette i opplæringa. Tilskotet kjem i tillegg til ordinært basistilskot for lærlingar og lærekandidatar

Kven kan søke? 

Opplæringskontor og lærebedrifter som har lærling eller lærekandidat med behov for ekstra tilrettelegging

Formål

  • Ordninga skal legge til rette for at bedrifter kan gi fleire moglegheiten til å få eit fag-/sveinebrev eller grunnkompetanse. 
  • Målet er kvalifisering til arbeid innanfor ordinært og tilrettelagt arbeidsliv.

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla og utbetalt fortløpande. 

Retningslinjer

  • Kandidaten det blir søkt om, må ha ekstra behov for tilrettelegging, gjennom tettare oppfølging og rettleiing utover ordinær tilpassa opplæring.
  • Kandidaten må vere under 25 år og ha ungdomsrett. 
  • Kandidaten må ha godkjent lære-/opplæringskontrakt i Møre og Romsdal fylkeskommune. 
  • Vilkåra for tilskot må vere oppfylt under heile perioden det blir utbetalt tilskot for.
  • Opplæringskontoret eller lærebedrifta kan søke om tilskot til ekstra personellressurs i inntil 6 klokketimar pr. veke i 47 veker pr. år.
  • Fylkeskommunen kan ved behov foreta stikkprøvekontrollar av opplysningar som opplæringskontor eller lærebedrift gir ved søknad om tilskot. 
  • Dersom krava for å få tilskot ikkje er oppfylt, kan fylkeskommunen halde tilbake tilskot, eventuelt krevje tilbake for mykje utbetalt tilskot. Ved feil i utrekning eller utbetaling kan heile eller delar av tilskotet krevjast betalt tilbake.

Søk om støtte

 Det er viktig at du beskriv behovet for ekstra tilrettelegging nøye. Fyll ut skjema og send inn via eDialog. (DOCX, 61 kB)

Send inn skjemaet via eDialog.