Tilskot til brannsikring av tette trehusområde

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde skal bidra til den nasjonale målsettinga om at «branner med tap av uerstattelige nasjonale kulturverdier ikke forekommer».

Kva kan du søke støtte til?

Tilskot kan bli gitt til tiltak som bidrar til at brann blir oppdaga raskt, hindrar spreiing og som legg til rette for enkel sløkking. Tilskot kan òg bli gitt til utarbeiding eller revidering av brannsikringsplan. 

Eksempelvis: 

  • Innvendig branndeteksjon
  • Utvendig branndeteksjon
  • Sprinklaranlegg til loft
  • Utvendig brannslangar
  • Bygningsmessige tiltak (isolering/brannskiller på loft og liknande)
  • Utarbeide brannsikringsplan

Prosjekt som prøvar nye metodar med overføringsverdi til andre områder blir prioritert. 

Kven kan søke?

Tilskot kan bli gitt til bygg og anlegg innanfor definerte tette trehusområde av kulturhistorisk verdi i Riksantikvaren si oversikt. For eksempel kan kommunar og eigarar av bygningar og anlegg som er omtalt i oversikta søke om tilskot.

Det gis ikkje støtte til:

  • Tiltak som eigar er pålagd å sørge for, som kontrollar og utbetring av elektriske anlegg, piper og eldstader
  • Utstyr for brannvesenet 
  • Brannsikker søppelhandtering

Formål

Målsettinga med ordninga er at alle dei tette trehusområda skal ha ein brannsikringsplan nyare enn fem år og at alle tiltaka i plana skal vere gjennomført. Tilskota blir gitt frå statsbudsjettet for 2024, kapittel 1429 post 73.

Søknadsfrist

1. november

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal.

Søknadsskjema i Digisak

Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar, for eksempel Edge eller Google Chrome.

Ta gjerne ein titt på forskrift om tilskudd til stavkirker, bygg og anlegg fra middelalderen, konservering og brannsikring på nettsidene til Lovdata.