Tilskot til breibandsutbygging

Møre og Romsdal vil bli tildelt midlar over Statsbudsjettet til utbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging. 

Informasjon om beløp og søknadsfrist kjem i løpet av våren 2025.

Målet med ordninga

Alle husstandar skal ha tilbod om breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s innan utgangen av 2025. Møre og Romsdal fylkeskommune kan tildele tilskot frå Statsbudsjettet til utbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging.

Kven kan søke?

Kommunane har i oppdrag å melde inn område som fyller vilkåra for støtte, og det er kommunen som kan motta tilskot.

Kva kan du søke støtte til?

Prosjekt som kan motta tilskot er:

  1. område med hushaldningar og verksemder som manglar tilbod om 30 Mbit/s. Det støtta prosjektet må på ein påliteleg måte tilby nedlastningshastigheit på minimum 100 Mbit/s
  2. område med hushaldningar og verksemder som manglar tilbod om 100 Mbit/s. Det støtta prosjektet må på ein påliteleg måte tilby ei nedlastingshastigheit på minimum 300 Mbit/s

Område der eksisterande nett tilbyr ei nedlastingshastigheit under 100 Mbit/s er ikkje tilskotsberettiga dersom det eksisterande nettet kan oppgraderast til å tilby ei nedlastingshastigheit på minimum 1 Gbit/s.

Slik vurderer vi søknaden

Kommunane skal melde inn område som er aktuelle for utbygging. Deretter sørger fylkeskommunen for at områda vert lagt ut på ein felles anbudskonkurranse, der utbyggarar gjev tilbod om kor mykje offentleg tilskot som trengst for å tilby breiband i området. Basert på dette vil fylkeskommunen prioritere og vedta fordeling av tilskot. Så vil kommunane til slutt inngå kontrakt med dei utbyggarane som er valde. Kommunane følgjer opp prosjektet gjennom byggefasen, og rapporterer til fylkeskommunen for utbetaling av tilskot.

Meir informasjon om breibandstøtte hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Oversikt over område som har fått offentleg støtte

I dette kartet er det vist kva område i Møre og Romsdal som har fått offentleg støtte til utbygging av breiband sidan 2018 (klikk på områda for å få opp meir info)