Tilskot til datakultur

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å løfte datakultur som kunst- og kulturuttrykk. Vi lyser derfor no ut midlar som skal bidra til å gjere datakultur tilgjengeleg, inkluderande og trygg for alle som vil ta del i den.

Tid for spill – regjeringa si dataspillstrategi 2024–2026 seier at dataspel er kultur, innovasjon, næring, internasjonalisering, kunnskap og fellesskap. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery seier at «Dataspill kan også være fantastiske kunst- og kulturuttrykk og en kilde til kreativitet og kunnskapsutvikling».

Maksbeløp per prosjekt er satt til 200 000 kroner.

Kva kan du søke støtte til?

  • Aktivitet og tiltak som er knytt til ein gratis, inkluderande og tilgjengeleg møteplass for målgruppa
  • Aktivitet og tiltak som skal bryte ned barrierar knytt til deltaking i dataspelkulturen. Desse barrierane kan for eksempel vere kjønn, økonomi, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, etnisitet, geografi eller alder.
  • Innkjøp av utstyr knytt til planlagde aktivitet og tiltak for og med målgruppa.

Målgruppa kan vere barn, ungdom, vaksne og/eller seniorar. Ein god dialog med målgruppa og ein plan for medverknad i prosjektet er eit krav for å få støtte. Medverknad kan skje både digitalt og fysisk.

Det gis ikkje støtte til ordinær drift.

Retningslinjer for tilskot til datakultur (PDF, 103 kB)

Kven kan søke støtte?

Kommunar i Møre og Romsdal. Dette inkluderer fritidsklubbar, bibliotek, kulturskole, skole, helsetenester og andre kommunale tenester i fylket.

Kommunen kan gjerne samarbeide med andre kommunar og/eller eksterne aktørar, men det er kommunen som må stå som søkar.

Formål

Formålet med ordninga er å få til meir aktivitet på datakultur ute i kommunane og å skape inkluderande møteplassar for datakultur.

Søknadsfrist

Fristen for å sende inn søknad var 30. april 2024.

Rapportering

Fekk du støtte til datakultur? Da må du hugse å levere rapportering i Regionalforvaltning. Dette gjer du ved å sende inn ei anmodning om sluttutbetaling.

Rapportering i Regionalforvaltning

Slik prioriterer vi kven som får støtte

  • Aktivitet og tiltak som viser til samarbeid mellom fritidsklubb og bibliotek
  • Medverknad og god dialog med målgruppa i utforming av aktivitet og tiltak
  • Aktivitet og tiltak som tek utgangspunkt i «Veileder for formidling av dataspill som kulturuttrykk» frå Kulturtanken
  • Nye prosjekt, tiltak eller aktivitetar
  • Prosjekt som ferdigstillast seinast innan utgangen av 2025

Merk at det fylkeskommunale tilskotet kan maksimalt utgjere 50 prosent av totalbudsjettet. Kommunen sin eigenandel må bestå av minimum 10 prosent eigne midlar. I tillegg kan ein rekne arbeidstid som delar av eigenandelen.