For 2026 prioriterer vi listeførte kulturminne og kulturmiljø og søknader som støtter opp under dei nye bevaringsstrategiane – sjå nedanfor.
Kva kan du søke støtte til?
- Tilstands- og tiltaksrapport med kostnadsoverslag. Det er krav om at ein restaureringskyndig handverkar skal skrive rapporten og gjere vurderingane.
- Fargeundersøkingar på mur og trebygg. Det er eit krav at det blir gjennomført av fagfolk med kompetanse.
- Engasjere arkitekt for
- å finne ut korleis du kan bruke eit verneverdig byggverk på ein ny måte, f.eks. teikningar
- å tilpasse nye tiltak (påbygg, tilbygg, nybygg) slik at dei tek i vare dei kulturhistoriske verdiane i eit bygg eller bygningsmiljø
Tilskotet er på inntil kr 15 000.
I spesielt omfattande prosjekt kan vi tildele ein høgare sum under føresetnad om samfinansiering med søkar eller andre. Summen kan ikkje overstige over 50 prosent av totalkostnaden.
Slik prioriterer vi kven som får støtte
Søknadane blir prioritert etter eit eller fleire av desse kriteria frå 15. april 2026:
- Bygg og bygningsmiljø som er listeført med regional verdi – sjå vedlegg i Regional delplan for kulturminne og kulturmiljø eller Hjem - Kulturminnesøk
- Kystkultur, nærare bestemt:
- Naust, sjøbuer, og brygger
- Hamner, handelsstadar, post- og stoppestadar
- Eldre fritidsbustadar
- Landbruket, nærare bestemt:
- Den førindustrielle garden sine bygningar
- Einskapslåven og seterbygningar
- Skogskoier, sager
- Kulturmiljø i by og bygd, nærare bestemt:
- Bygningsmiljø som medverkar til særpreg
- Fellesskapet sine bygningar og uterom
- Gjenreisingshus
- Kulturmiljø i næring og industri, nærare bestemt:
- Industrimiljø
- Byggverk i industrien
- Byindustri
- Særeigen småindustri
Kva kan du ikkje få støtte til?
Du kan ikkje søke tilskot til arbeid som allereie er utført. Du kan ikkje søke tilskot til bygningar eller tiltak i bygningsmiljø som ikkje er verneverdige.
Kven kan søke?
Private eigarar, sogelag, venneforeiningar og liknande kan søke støtte.
Søknadsfrist
Det er fortløpande søknadsfrist og tildeling.
Budsjettet for ordninga er på kr 500 000 for 2026.
Send inn søknaden din
Vilkår