Kva kan du søke støtte til?
Tilskotet skal dekke meirkostnader, heilt eller delvis, i samband med:
- istandsetting
- vedlikehald
- antikvarisk sikring
- konservering av fast inventar
- skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø
Tilskotsmottakaren kan bruke 10–15 prosent av tilskotet til prosjektleiing eller prosjektoppfølging forbunde med tiltak det blir gitt tilskot til.
Det blir ikkje gitt støtte til teknisk standardheving.
Kven kan søke støtte?
Private eigarar og forvaltarar av kulturminne og kulturmiljø som er freda, midlertidig freda eller der fredingssak er under behandling.
Formål
Formålet er å bevare freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige og å bidra til at dei blir sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Søknadsfrist
1. november
Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal.
Søknadsskjema i Digisak
Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar, for eksempel Edge eller Google Chrome.
Slik prioriterer vi kven som får støtte
Kulturminne som har spesielt tyngande vedlikehalds- og istandsettingsoppgåver for eigaren, i tillegg til bygg og anlegg der store kulturminneverdiar står i fare for å gå tapt, blir prioritert. Det same gjeld kulturminne som er tilgjengelege for publikum, oppleving og formidling.
Retningslinjer
Alle tiltak skal skje i samsvar med eit eventuelt vern eller fredingsvedtak sine forskrifter. I tillegg skal fylkeskommunen sine antikvariske retningslinjer overhaldast.
Antikvariske retningslinjer (PDF, 533 kB)
Som hovudregel skal ikkje tilskotet overstige 50–70 prosent av totalkostnaden i det enkelte prosjektet. Unntak frå dette må vurderast i lys av:
- formålet med tiltaket
- kulturminnet/kulturmiljøet sin verdi
- bruken av kulturminnet/kulturmiljøet
I tillegg ser vi på om det er eit særleg stort vedlikehaldsansvar i forhold til bruken.
- Utførande handverkar skal oppgi formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse.
- Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver.
- Sentrale fagpersonar og byggeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har moglegheit til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
Ta gjerne ein titt på forskrift om tilskot til freda kulturminner i privat eie på nettsidene til Lovdata.