Kva kan du søke støtte til?
Hovudsakleg friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som for eksempel organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktiviteter.
Mindre deler av tilskotet kan brukast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell når dette er nødvendig for å gjennomføre friluftslivsaktivitetane, som for eksempel fiskestenger, kompass eller nokon få enkle telt.
Kva blir det ikkje gitt støtte til?
Det kan ikkje gis tilskot til kostnadsdrivande utstyr. Det kan heller ikkje gis tilskot til utstyrssentralar/utstyrsbanker eller til lag og foreiningar som vil supplere sitt eige utstyrslager.
Kven kan søke støtte?
Frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret (Brønnøysundregistera) og interkommunale friluftsråd som arbeider med aktivitetsfremmande tiltak for friluftsliv.
Formål
Formålet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremmande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.
Søknadsfrist
1. desember
Søknadsskjema hos Miljødirektoratet
Slik prioriterer vi kven som får støtte
I saksbehandlinga blir følgande typar av aktivitetar og tiltak prioriterte:
- Aktivitetar som krev lite ressursar og er lett tilgjengelege for ulike brukargrupper
- Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet – med særleg vekt på byar og tettstader
- Tiltak som medverkar til økt deltaking over tid
- Tiltak retta mot personar som er lite fysisk aktive
- Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar
- Tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne
- Lokale/regionale tiltak retta mot personar med innvandrarbakgrunn
Ei presisering om kulturtilskot
Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.
Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.
For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.