Kva kan du søke om støtte til?
Du kan til dømes søke om støtte til samlingar eller kurs som gir fagleg oppdatering, eller hospitering. Tiltak med samarbeid mellom skoler og lærebedrift/prøvenemnd, som hospiteringsordninga, blir prioritert i tildeling av midlar.
Satsingsområda for ordninga er:
- Kompetanseutviklingsbehov som følge av fornyinga av Kunnskapsløftet og nytt læreplanverk
- Fagspesifikke kompetansebehov i dei ulike fagområda
- Kompetansebehov som går på tvers av fagområde, mellom anna: vurderingspraksis, medverknad, læringsmiljø for inkluderande praksis. Innanfor desse fagområda kan det til dømes vere kompetanseutvikling i tema som psykisk helse, kommunikasjon og veilednings- og relasjonskompetanse.
Døme på tidlegare innvilga søknader
- Samling mellom skole og arbeidsliv med faget Yrkesfagleg fordjuping som tema
- Instruktør i lærebedrift hospiterer i skole for å lære meir om vurderingspraksis og få tips til korleis bli ein betre veileder.
- Instruktør i lærebedrift og yrkesfaglærar hospiterer hos kvarande for å få forståelse av arbeidskvardagen og bidra til at elevane blir meir førebudd til læretida.
Hospiteringa bør vere over om lag to-fem dagar. Tilskotmottakar får 3000 kroner per dag for å gjennomføre hospiteringa.
Kven kan søke?
- Instruktørar og faglege leiarar i lærebedrift
- Tilsette i samarbeidsorgan
Formål
Ordninga skal bidra til kompetanseutvikling for aktørane i fag- og yrkesopplæring, auka samarbeid mellom skole og arbeidsliv og bidra til at aktørane ser heile opplæring i skole og bedrift i samanheng.
Du kan lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.
Rapportering
Tilskotsmottakar må rapportere på bruken av midlane.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 1. juni 2025.
Send søknad
Fyll ut og send inn ein søknad per tiltak. Dersom du søker om fleire tiltak, må du skrive inn prioritert rekkefølge på tiltaka.
Det er begrensa med midlar i ordninga.
Send søknad her