Tilskot til lokale kulturbygg

Ordninga for støtte til lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.

Kva kan du søke støtte til?

Du kan få støtte til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur. Dette inkluderer bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for bildekunst.

Midlane kan òg brukast til:

  • investeringstilskot til nybygg
  •  kjøp av, tilbygg til, ombygging av, modernisering og/eller rehabilitering av eksisterande kulturlokale eller andre lokale som skal bli til kulturbygg
  • permanent eller naglefast innreiing. Dette kan for eksempel vere kjøkkeninnreiing, fast scenerigg, lydanlegg for høyrslehemma (teleslynge) eller teleskoptribune
  • oppgradering for å møte gjeldande krav til universell utforming
  • etablering av livsnøytrale seremonirom

Det blir ikkje gitt støtte til ordinær drift og vedlikehald, kjøp av grunn, dekking av gjeld eller til utgifter til arbeid utanfor 1 m frå yttergrensa til anlegget.

Meir informasjon om funksjonar og lokale som fell utanfor ordninga finn du i retningslinjene for ordninga (PDF, 166 kB).

Kven kan søke støtte?

  • Andelslag, der alle som ønsker det kan være med
  • Kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging

For at ein organisasjon kan stå som søkar må kommunen eller fylkeskommunen vere einig i at utforming av bygget, vedtekter og driftsplan gjer det til eit allment kulturbygg.
For andelslag og stiftingar skal vedtektene vere godkjent på førehand av fylkeskommunen.

Formål

Formålet med ordninga er å bidra til å realisera egna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd.

Søknadsfrist

Send søknad til kommunen innan 15. februar.
Kommunen skal sende godkjent søknad med vedlagt kommunal prioritering til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 1. mai.

Søknadsskjema i Anleggsregisteret

Retningslinjer

Retningslinjer for tilskot til lokale kulturbygg (PDF, 166 kB)