Tilskot til mentor- eller trainee-ordning for innvandrarar i Møre og Romsdal

Søk tilskot til etablering og gjennomføring av mentor- og trainee-prosjekt, som legg til rette for at innvandrarar med fagutdanning, eller med høgare utdanning frå universitet/høgskular får brukt kompetansen sin.

Formål og målgruppe 

Hovudmålet med tilskotsordninga er å gjere det mogleg for fleire å bruke kompetansen sin på rett plass i arbeidslivet, gjennom tilsetjing eller ved å skape sitt eige arbeid. 

Ordninga skal også bidra til at verksemder i privat eller offentleg sektor aukar mangfaldet, og får tilført ny kompetanse og erfaring.

Kva kan det søkjast støtte til?

Det kan søkast om tilskot til etablering og gjennomføring av mentor- og trainee-prosjekt, som legg til rette for at innvandrarar med fagutdanning, eller med høgare utdanning frå universitet/høgskular får brukt kompetansen sin.

Ordninga har to fokusområde: 

  1. Inkludering gjennom tilsetjing
    Styrke samarbeid mellom innvandrarar, arbeidsgivarar og offentlege støttesystem  
  2. Inkludering gjennom entreprenørskap
    Utvikle og forbetre program og virkemiddel for at innvandrarar kan skape sitt ege arbeid. Det kan søkjast støtte til prosjekt der samarbeidet mellom innvandrarar og aktørar i systemet for entreprenørskap kan forbetrast.

Kven kan søkje om tilskot?

Kommunar eller organisasjonar, inkludert frivillige organisasjonar registrert i Frivilligheitsregisteret
Prosjekt med lokal eller regional forankring vert prioritert.

Krav til søknaden

Mentor- og traineeordninger som får støtte må vere forankra hos leiinga i søkjar, og vera ein del av plan- og strategiarbeidet til søkjar, og søknaden må vera underteikna av leiaren eller generalsekretæren til søkjar.

Søkjar må bidra med ein eigendel på minimum 50% i form av stillingsressursar eller andre driftskostnader. Desse må reknast om til kronebeløp i søknaden. Timesats blir berekna ut frå 1.2 promille av brutto årslønn, maks 1 100 kroner per time, og arbeidstimar må dokumenterast med timelister.

Ordninga skal ikkje overlappa andre offentlege ordningar.  

Samarbeidspartnar og innvandrarar skal være involvert i søknadsprosess og i prosjektleiing/gjennomføring.

Det kan gje prosjektstøtte på inntil 2 år (31.12.2025). Det er forventa at deltakarane deltek på nettverkstreff med erfaringsdeling. Sett av inntil 15 000 for erfaringsdeling, deltaking nettverkstreff i fylket. 

Søkeportal

Søknaden skal opprettast på nettstaden www.regionalforvaltning.no , der ordninga er lyst ut. Alle postar i søknadsskjema skal fyllast ut.  

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 23. september 2024. 

Søknadar vert saksbehandla i Kompetanse- og næringsutvalet 24. oktober 2024. 

Informasjon om tildeling vert sendt ut seinast 31. oktober. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett av 1 million kroner til ordninga i 2024.

Vurderingskriterium 

Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer søknadene og tildeler midlar til prosjekt ut frå følgjande kriterium: 

  • Tydelege resultatmål for prosjektet
  • Gjennomføringsevne (milepæler med aktivitet, rolle og ansvar involverte partar)
  • Overføringsverdi til anna tilsvarande arbeid 
  • Strategi for rekruttering av mentorar, traineear
  • Ikkje overlappande med andre ordningar
  • Opplegg for opplæring og oppfølging av traineer eller mentorar
  • Opplegg som skal bidra til meir treffsikre, og heilskaplege løysingar og levedyktige løysingar etter prosjektperioden
  • Opplegg for evaluering og måling