Tilskot til nye løysingar for redusert energibruk

Søk støtte til å finne nye løysingar for å redusere energibruken både i privat næringsliv og det offentlege.

Kva kan du søke støtte til? 

Utgreiingar, forstudie eller forprosjekt som kan bidra til nye løysingar for redusert energibruk, i offentleg sektor eller i næringsverksemd. 

Kven kan søke? 

Kommunar, innovasjonsmiljø, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø eller bedriftskonsortium i Møre og Romsdal. 

Formål

Det er underskot på elektrisk kraft i Møre og Romsdal, og målet er å få reduksjon i energibruken. Det vil bidra til å rette opp kraftbalansen, noko som er viktig for å realisere ny næringsaktivitet. 

Søknadsfrist

Vi tar i mot søknadar fortløpande.

Retningslinjer

  • Det kan søkast om støtte til ekstraordinære utviklingskostnadar, ikkje til ordinær drift.
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats er prisa til maksimalt til 1100 kroner per time.

Du finn øvrige retningslinjer og krav til søknaden på regionalforvaltning.no

Send søknad på Regionalforvaltning.no

Sjå også om Enova sine tilskotsprogram kan vere aktuelle dersom prosjektet ditt gjeld yrkesbygg.

Kontakt

Per Oterholm

Rådgivar - energi og grøn omstilling
Telefon 71 28 02 24/45 66 60 50