Denne ordninga var ny i 2024 og er slått saman av desse to ordningane:
- Tilskot til skjøtsel, skilting, merking og mindre friluftstiltak
- Tilskot til regionale kulturminne og kulturmiljø
Desse ordningane er altså avvikla og erstatta av den nye ordninga.
Kva kan du søke støtte til?
Fylkeskommunen gir tilskot til tiltak innan kulturmiljø og friluftsliv i samsvar med formålet med ordninga.
Dette kan for eksempel vere:
- Skjøtsel og tilrettelegging av friluftsområde.
- Rydding og opparbeiding av turstiar
- Klopping og gangbruer
- Skilting og merking av friluftsområde og turstiar
- Tiltak som medverkar til istandsetting og bevaring av kulturmiljø, alle typar byggverk, hagar, parker, historiske ferdselsårer, steingjerde, bruer og liknande. Det kan vere til planlegging, gjennomføring og dokumentasjon.
- Å arrangere kurs eller seminar som støtter formålet med ordninga
Les dei fullstendige retningslinjene for prosjektstøtte til kulturmiljø og friluftsliv ved å følge denne lenka (PDF, 150 kB).
Kulturminne og kulturmiljø
Kulturminne og kulturmiljø må vere listeført i Regional delplan for kulturminne i Møre og Romsdal eller i kommunens kulturminneplan og/eller ha omsynssone i reguleringsplan eller kommuneplanens arealdel.
Treng du rettleiing for eit kulturminne- og kulturmiljøprosjekt? Ta kontakt med rådgivar Sofie Molnes Søvik.
Friluftsliv
Friluftslivsområde som er kartlagt og verdsett etter Miljødirektoratet sin rettleiar, der kartlegginga viser at området har regional bruk. Tiltak som i tillegg inngår i ei heilskapleg plan eller strategi blir prioritert.
Størrelse på tilskot blir vurdert ut frå budsjett for kvart tiltak og tilgjengelege midlar.
Treng du rettleiing til eit friluftslivsprosjekt? Ta kontakt med rådgivar Petter Jenset.
Kven kan søke støtte?
- Foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige
- Private eigarar som enkeltpersonar eller private verksemder
- Kommunar
Formål
Ordninga har som formål å
- bevare og formidle kulturmiljø av høg lokal og regional verdi. Med kulturmiljø forstår vi kulturminne, kulturmiljø og landskap.
- legge til rette for at folk kan drive friluftslivsaktivitetar i nærleiken av der dei bur
- gjere eksisterande kulturminne, stiar og turvegar meir kjent gjennom tilrettelegging
Søknadsfrist
1. november
Ordninga opnar for nye søknadar seks veker før søknadsfristen.
Send inn din søknad
Rapportering av tilskot
Har du fått tilskot frå fylkeskommunen, må du rapportere korleis du har brukt midlane.
Send inn rapportering
Ei presisering om kulturtilskot
Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.
Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.
For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.