Prosjektstøtte til kulturmiljø og friluftsliv

Har du eit prosjekt innan kulturminne, kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal? Då kan du søkje om støtte gjennom denne tilskotsordninga. Formålet med ordninga er å bevare og formidle kulturminne med høg lokal og regional verdi, og legge til rette for at folk kan drive friluftslivsaktivitetar i nærleiken av der dei bur.

Kva kan du søke støtte til?

Fylkeskommunen gir tilskot til tiltak innan kulturmiljø og friluftsliv i samsvar med formålet med ordninga.
Dette kan for eksempel vere:

  • Skjøtsel og tilrettelegging av friluftsområde, rydding og opparbeiding av turstiar, klopping og gangbruer, skilting og merking av friluftsområde og turstiar.
  • Antikvarisk istandsetting og bevaring av lokalt og regionalt viktige kulturmiljø. Alle typar byggverk, hagar, parker, historiske ferdselsårer, steingjerde, bruer og liknande. Det kan også vere til planlegging, gjennomføring og dokumentasjon. 
  • Å arrangere kurs eller seminar som støtter formålet med ordninga

 

Kva kan du ikkje søke støtte til?  

  • Ordinær drift  
  • Friluftslivstiltak med totalkostnad høgare enn 150 000 kroner. Skal de søke om meir enn 150 000 kroner kan de søke om spelemidlar. 
  • Lause gjenstandar og immateriell kulturarv – ordninga gjeld faste kulturminne  
  • Standardheving på kulturminne som gjeld elektriske anlegg eller liknande.  
  • Tiltak som er gjennomført før søknadsfristen  
  • Tiltak som er meint å skape eit overskot for private aktørar  
  • Kostnadar knytt til deltakaravgift og reise til seminar, utdanning, studietur og liknande  
  • Innspeling og utgiving av litteratur, film eller musikk 

 
Generell informasjon 

  • Ordninga kan støtte inntil 50% av prosjektkostnaden. 
  • Ordninga har ei årleg ramme på 2 millionar kroner. 
  • Dersom du søker på vegne av grunneigar må du legge ved fullmakt med søknaden. 

Les dei fullstendige retningslinjene for prosjektstøtte til kulturmiljø og friluftsliv ved å følge denne lenka (PDF, 150 kB).

Søknader som gjeld kulturminne og kulturmiljø

Søknader som gjeld friluftsliv

  • Friluftslivsområde som er kartlagt og verdsett etter Miljødirektoratet sin rettleiar, der kartlegginga viser at området har regional bruk. Tiltak som i tillegg inngår i ei heilskapleg plan eller strategi blir prioritert.
  • Størrelse på tilskot blir vurdert ut frå budsjett for kvart tiltak og tilgjengelege midlar.
  • Treng du rettleiing til eit friluftslivsprosjekt? Ta kontakt med rådgivar Petter Jenset.

Kven kan søke støtte?

  • Foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige
  • Private eigarar som enkeltpersonar eller private verksemder
  • Kommunar

Søknadsfrist

1. november

Ordninga opnar for nye søknadar seks veker før søknadsfristen. 

Treng du ein mal, eller har du eit spørsmål? Ta ein kikk på denne sida.

Send inn din søknad

Rapportering av tilskot

Har du fått tilskot frå fylkeskommunen, må du rapportere korleis du har brukt midlane.

Send inn rapportering

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.