Kva kan du søke støtte til?
Utviklingsprosjekt som bidrar til å:
- auke verdiskapinga frå landbruket i Møre og Romsdal
- behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning
- auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdal
- auke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltning
- redusere landbruket sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonn
- utvikle fleire og betre forretningsidear med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål
Dette er måla i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026.
Kva kan du ikkje søke støtte til?
Investeringar i bygningar og teknisk utstyr, bedriftsstøtte
Kven kan søke?
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret
Formål
Ordninga skal legge til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket, og skal bidra til å nå målet i fylkesstrategi for landbruk: Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar.
Søknadsfrist
Vi tek imot søknader fortløpande .
Retningslinjer
Sjå retningslinjer og vilkår på regionalforvaltning.no
Søk støtte på Regionaltforvaltning.no
Kontakt
Kirsti Hjelme Connor
Rådgivar
tlf: 71 28 05 57