Kva kan du søke støtte til?
- Sikring
- Istandsetting
- Vedlikehald
- Kulturminne- og tilstandsregistrering
- Dokumentasjon
- Moglegheitsstudie
Tilskotsmottakar kan bruke 10–15 % av tilskotet til prosjektleiing og prosjektoppfølging knytt til tiltak det blir gitt støtte til.
Det blir ikkje gitt støtte til drift, kommunale avgifter og museal verksemd.
Kven kan søke støtte?
Eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne.
Formål
Målet med ordninga er å sette i stand og vedlikehalde tekniske og industrielle kulturminne for å bidra til kunnskap, opplevingar, bruk og verdiskaping.
Søknadsfrist
1. november
Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal.
Søknadsskjema i Digisak
Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar, for eksempel Edge eller Google Chrome.
Retningslinjer
Alle tiltak skal skje i samsvar med eit eventuelt vern eller fredingsvedtak sine forskrifter. I tillegg skal fylkeskommunen sine antikvariske retningslinjer overhaldast.
Antikvariske retningslinjer (PDF, 533 kB)
Som hovudregel skal ikkje tilskotet overstige 50–70 prosent av totalkostnaden i det enkelte prosjektet. Unntak frå dette må vurderast i lys av:
- formålet med tiltaket
- kulturminnet/kulturmiljøet sin verdi
- bruken av kulturminnet/kulturmiljøet
I tillegg ser vi på om det er eit særleg stort vedlikehaldsansvar i forhold til bruken.
- Utførande handverkar skal oppgi formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse.
- Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver.
- Sentrale fagpersonar og byggeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har moglegheit til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
Ta gjerne ein titt på forskrift om tilskot til tekniske og industrielle kulturminne på nettsidene til Lovdata.
Slik prioriterer vi kven som får støtte
Det blir gitt støtte til anlegg som oppfyller eit eller fleire av følgande kriterium for tekniske og industrielle kulturminne:
- Bevart produksjonslinje, maskineri eller teknisk infrastruktur
- Forankring i nasjonale strategiske satsingar
- Grunnlag for forsking og formidling der det er mogleg å gjere kulturminnet tilgjengeleg
- Lokalt, regionalt engasjement eller medfinansiering.
I tillegg kan du søke støtte til tiltak som tek vare på kompetanse som er nødvendig for å bevare tekniske og industrielle kulturminne.
Det er ikkje eit krav at anlegg har eit formelt vern etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova, sjølv om objekt som kjem innanfor denne kategorien vil bli prioritert ved fordeling av tilskot.