Presiseringar
Kulturtilskot er eit gode du kan søke om å få, men ikkje noko du har krav på. Tildelinga skjer på bakgrunn av retningslinjer, krav og prioriteringar. Desse er gjort kjent på førehand.
Tilskotsmidlar er eit knappleiksgode. Det betyr at det er mindre pengar tilgjengeleg enn det som blir søkt om. Derfor gjer fylkeskommunen ei vurdering av søknadane basert på skjønn. Dette betyr også at gode søknadar, som er i tråd med retningslinjene, kan bli avslått eller få mindre støtte enn det de har søkt om.
Vi er avhengig av nok pengar i budsjettet for å kunne gjere tildelingar.
Dette tilskotet gjeld berre for statleg sikra friluftslivsområde og for friluftsområde verna etter markaloven.
Kva kan du søke støtte til?
Opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel. Eksempel på dette er:
- informasjonstavler
- opparbeiding av åtkomsten
- parkeringsplass
- turvegar eller turstiar
- fiskeplassar
- tiltak for å auke tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne
- badeplassar og brygger
- toalett
- søppelstativ
- tilplanting og skjøtsel
- formidling av kulturminne
Kva blir det ikkje gitt støtte til?
Det gis ikkje støtte til drift av friluftslivsområder.
Kven kan søke støtte?
Søkarar kan vere kommunar og interkommunale friluftsråd, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta.
Formål
Formålet med ordninga er å bidra til å fremme friluftsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og i område som er verna som friluftslivsområde etter markaloven.
Søknadsfrist
1. desember
Søknadsskjema hos Miljødirektoratet
Slik prioriterer vi kven som får støtte
Følgande typer av friluftslivsområder vil bli prioriterte:
- områder som ligg i eller nær byar og tettstader
- områder som blir eller har potensial for bli mykje brukt
- områder med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala
- områder ved innlandsvassdrag
Det er eit krav at søknaden skal innehalde:
- forvaltningsplan for friluftslivsområdet som kommune/friluftsråd har utarbeida. Plana skal følge Mal for forvaltningsplan, være godkjent av fylkeskommunen og være innanfor planperioden (sjå unntak i departementet sitt rundskriv)
- ei eventuell beskriving av korleis tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området, viss området er verna til friluftsliv etter markaloven