Kva kan du bruke stipendet til?
Du kan søke om stipend til kompetansehevande aktivitetar slik som
- å fordjupe seg, prøve ut og dokumentere eldre handverksteknikkar, verktøymaking eller materialproduksjon
- å delta på kurs eller hospitere hos andre tradisjonshandverkarar
Stipendet kan dekke tapt arbeidsforteneste og utgifter knytt til aktiviteten.
Det blir ikkje gitt stipend til gjennomføring av offentleg godkjent utdanning som gir rett til studielån.
Kven kan søke stipendet?
Profesjonelle handverkarar som arbeider med eller ønsker å fordjupe seg i tradisjonelle handverksfag innan bygnings- og fartøyvern. Søkar må bu og ha sitt virke i Møre og Romsdal.
Det er krav om minimum fullført vidaregåande opplæring med fagbrev/sveinebrev, eller minst 5 års relevant arbeidserfaring. Berre enkeltpersonar kan søke.
Kompetansebygging av tradisjonshandverkarar i konkurranseutsette handverksbedrifter vil bli prioritert, men museumshandverkarar tilsett i regionmusea har også moglegheit til å søke.
Formål
Stipendet skal fremme utvikling i tradisjonshandverk innan bygningsvern og fartøyvern i Møre og Romsdal.
Vi tildeler to stipend på 50 000 kroner kvar.
Søknadsfrist
1. april
Søknadsskjema opner mandag 4. mars, fire veker før søknadsfristen.
Slik prioriterer vi kven som får stipend
Vi prioriterer tradisjonshandverkarar som vil bruke stipendet i samanheng med arbeid på verneverdige bygningar eller fartøy.
I tillegg er det positivt om søkar
- er tidleg i karrieren
- har fagleg kompetanse og engasjement
- har dokumentert evne til å arbeide målretta over tid
- deler kunnskap og kompetanse med andre
Retningslinjer
Du må bruke stipendet innen utgangen av 2024.
Når du er ferdig må du sende inn ein rapport, seinest 1. desember 2024. Rapporten kan vere skriftleg eller munnleg, for eksempel ein film eller ein presentasjon. I rapporten fortel du korleis du har brukt stipendet og kva du fant ut.
Søknadsskjema