VassmiljøtiltakKommunar, organisasjonar, grunneigarlag og elveeigarlag kan søke støtte til å betre miljøet i bekkar, elver, innsjøar og sjøområde.Målet med ordningaOrdninga skal støtte tiltak som betrar miljøtilstanden i bekkar, elver, innsjøar og sjøområde og bidrar til å nå målsettingar i Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregionSøk herKven kan søke?Både kommunar, organisasjonar, grunneigarlag og elveeigarlag og vassområdeutval kan søke støtte.Kva kan du søke støtte til?Du kan søke støtte til:Å planlegge og gjennomføre tiltak som betrar miljøtilstanden i vassførekomstar (bekkar, elver, innsjøar og sjøområde)Å overvake og kartlegge miljøtilstand og effektar av tiltakOrdninga prioriterer vassførekomstar og tiltak som er fastsett i tiltaksprogrammet i Regional vassforvaltningsplan.Vi gjer ikkje tilskot til tiltak som fell inn under anna sektoransvar. Det betyr at vi føl prinsippet om at forureinaren skal betale. Dersom det er Fiskeridirektoratet, kommunen, NVE eller liknande som har ansvaret for oppfølging av tiltak og måloppnåing etter vassforskrifta, gir vi ikkje tilskot. Eit eksempel er elvar som er påverka av vasskraft, der vasskrafta er årsaka til dårleg miljøtilstand. Vilkår du må vere merksam påDu kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift eller vedlikehald. Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnad.Finansiering gjennom eige arbeid i prosjektet skal vere basert på faktiske kostnadar avgrensa til 1 100 kroner per time. Dette skal dokumenterast gjennom timelister.Fylkeskommunen kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnadar. Ytterlegare vilkår vert gitt i tildelingsbrev.Søknader vert vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i søknad og saksbehandling er offentlege.Slik vurderer vi søknadenAlle søknadar vert vurdert etter desse tre kriteria:1. Kvalitet og innovasjonRelevans: Kor godt prosjektet svarer på utlysinga og oppfyller vilkåraInnovasjon: Prosjekt må innehalde nyskaping eller stegivs utvikling. Dersom liknande prosjekt finst, skal søknaden forklare kva som er nytt. Metode: Prosjektet skal ha klare mål og delmål, beskrive korleis dei skal nåast og vise til relevante indikatorar for måloppnåring og effekt. 2. Effekt og verdiskapingVerdi for søkar og region: Det skal gå tydeleg fram korleis prosjektet skaper verdi for regionen, partnarane og søkaren, og korleis det støttar regionale mål, for eksempel grøn industrivekst og berekraftVidareutvikling: Prosjektet skal ha potensial og planar for vidareføring gjennom for eksempel nasjonale eller internasjonale ordningar, privat kapital eller anna form for verdiskapingKommunikasjon og deling: Prosjektet skal beskrive korleis resultat blir formidla til relevante målgrupper. Større prosjekt skal ha ein kommunikasjonsplan. 3. GjennomføringProsjektplan: Søknaden skal vise korleis prosjektet er organisert for nå mål og delmål, gjerne gjennom arbeidspakker og ansvarlege rollerRisiko: Prosjektet skal burdere sannsynlege utfordringar og korleis dei skal møte og redusere risikoRessursbruk: Prosjektet skal vere realistisk, spegle partnarskap og innsats, og synleggjere finansieringskjelder. Alle søknadar får karakter 1-7 på kvart kriterium. For å få tilskot må prosjektet ha minst 4 på alle kriterium.Søknadar om tilskot på mindre enn 500 000 kroner blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. Søknader om 500 000 kroner eller meir blir vurderte av eit fagpanel før politisk behandling.Søknadsskjema og søknadsfristFor å søke må du fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no Søknadar om tilskot på mindre enn 500 000 kroner har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Søknadar om 500 000 kroner eller meir i tilskot vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane: 15. februar 2026 (vedtak 17. mars)10. april 2026 (vedtak 8. mai)10. mai 2026 (vedtak 11. juni)10. august 2026 (vedtak 10. september)15. september 2026 (vedtak 22. oktober)1. november 2026 (vedtak 3. desember) Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at også søknader om mindre enn 500 000 kroner blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn.