Eidsdal og Linge Linge ferjekaier

Det blir bygd nye ferjekaier på Eidsdal og Linge som kan ta imot nye miljøferjer frå 2024. Ferjene får ein kapasitet på 80 personbilar, som er ei vesentleg auke samanlikna med ferjene som går i sambandet i dag.

Fakta

Veg: Fv. 63

Planlagd ferdigstilling: 2024

Fase: Byggefase

Kommune: Fjord

Entreprenør: Christie & Opsahl AS

Skal ta imot miljøferjer i 2024

I 2020 vart det sett i gang eit arbeid med å førebu/planlegge utbygging av nye kaier på same lokasjon som i dag. Det vart bestilt eit forprosjekt hos konsulent Aas-Jakobsen med leveringsfrist 15. november 2020, der oppdraget var å finne løysingar for å oppgradere ferjekaiene slik at det er mogleg å ta imot dei nye miljøferjene. Forprosjektet skulle gi grunnlag for val av løysing og for å vurdere ev. vidare planlegging. 

Samferdselsutvalet vedtok å gå vidare med ny ferjekai sør for dagens kai på Linge. I tillegg skal Møre og Romsdal fylkeskommune, gjennom ein reguleringsplanprosess, avklare naudsynte tiltak på land for å sikre trafikksikker av- og påkøyring til ferjekaiområdet, god framkome og flyt i trafikken.

I Eidsdal vedtok samferdselsutvalet at konsekvensar ved alle alternativa må vurderast ytterlegare, før ein avgjer plassering av ny kai. I tillegg til dei alternativa som er omfatta av forprosjektet, skal Storurneset og fleire alternativ aust og vest for dagens kai bli vurdert.Oppdateringar frå prosjektet