Ordførar Odd Jostein Drotninghaug klipte snora og markerte med dette at den nye rundkøyringa er offisielt opna. – Ein ny portal inn til Sykkylven sentrum, uttalte ordføraren om området som har fått mykje betre trafikktryggleik.
- Det er svært gledeleg for lokalsamfunnet at dette er komen på plass, sa ordføraren i sin opningstale.
Krysset som var på staden tidlegare har vore ulukkesbelasta, med mykje trafikk frå ferge og lokalvegar.
- Her er mykje aktivitet i området, og til neste år opnar nye Aure skole med 400 elevar. Då er det flott at her er opplyste gangvegar og gode, oversiktlege overgangar ved rundkøyringa, sa Drotninghaug.
Både mjuke trafikantar og annan trafikk kan ferdast sikrare enn før. I tillegg til gode gangvegar, overgangar og rundkøyringa, har heile området mellom Fv. 60 , Ullavikvegen og Dalevegen fått ei stor oppgradering med betre lysforhold, tilstelling og beplantning.
Eit godt samarbeid med kommune og entreprenør
Den offisielle opninga fann stad på småbåthamna tysdag 13. juni, og fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen, vendte seg til den yngre garde. Både barnehage og skole var til stades på opninga, og fekk med seg feiringa med korpsmusikk, bollar og brus.
- Sei til foreldra dykkar at dei må oppføre seg i trafikken, då blir eg kjempeglad, oppfordra Tønnesen spøkefullt.
Han sa vidare at han håpte dei var nøgde med den nye rundkøyringa og gangvegane, for no blei det mykje tryggare og gå over vegen til tannlegen og småbåthamna.
- Prosjektet har blitt fullført innanfor dei økonomiske rammene som var på 31 millionar kroner, noko som fortener stor heider. Sykkylven kommune bidrog med 5 millionar kroner, noko som var viktige midlar for prosjektet.
Tønnesen nytta også anledninga til å takke Hole Maskiner AS for å ha vore ein dyktig entreprenør og samarbeidspartnar. Takk fekk også fylkeskommunen sin prosjektleiar Solgunn Langlo og byggeleiar Kristian Bjørdal for å har losa det vellukka prosjektet i hamn.
Anleggsarbeidet varte i 420 dagar. Om lag 2,4 millionar køyretøy har blitt losa gjennom anleggsområdet på interimsvegar og mellombelse kryss utan nemneverdig stopp.