Fv. 6208 Tonningsgate, sykkelveg

Fakta

Veg: Fv. 6208

Fase: Prosjekteringsfase

Kommune: Ålesund

Entreprenør: Mesta

Om prosjektet

Prosjektet inneheld ei oppgradering av vegbana og etablering av sykkelfelt og fortau. Dette skal auke tryggleiken til dei som går og syklar. Vegbana på strekninga blir oppgradert med litt større bredde enn i dag. På begge sidene av bilvegen kjem eitt felt til fortau, og eitt til sykkelfelt.

Det etablerast kantstopp for buss på kvar side av Tonningsgate. Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund.

Planlegging

Tiltaket ligg innanfor reguleringsplan for Steinvågneset vedtatt i 2016. Etter avklaringar med Ålesund kommune er det bestemt å bygge fortau og sykkelfelt på begge sider av vegen.  

Mesta er entreprenør med ansvar for prosjektering.