Neste veke kan skal det utførast grunnundersøkingar ved Molde ferjekai. Arbeidet vil gje støy delar av tida, og noko av grunnboringa må skje på nattetid.
Dagens ferjekai for sambandet Molde–Sekken er i dårleg stand og må utbetrast. I forbindelse med oppstart av reguleringsplanarbeidet vil det bli utført grunnundersøkingar i veke 49 og 50.
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som i samarbeid med Molde kommune utarbeidar detaljreguleringsplan for Molde ferjekai vest (Molde–Sekken).
– Det er viktig at vi kjenner grunnforholda godt når vi planlegg ferjekaiprosjektet vidare, seier Hans Rune Paulsen, leiar for ferjekaiprosjekt i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Noko arbeid på natt
Det er planlagt at grunnundersøkingane stort sett skal gjennomførast mellom klokka 08.00 og 20.00 måndag–fredag. Det er derimot fire posisjonar på sjøbotnen som må undersøkast mellom klokka 22.00 og 06.00, då det er få ferjeavgangar som boreriggen kan vere i vegen for.
Grunnundersøkingane blir gjort med ein beltegåande borerigg på land. Nokre av boringane vil gå føre seg frå flåte/båt på sjøen. Boreriggen har støynivå på linje med ei mindre anleggsmaskin, og maks støynivå vil inntreffe når boringa treff fjell. Dette vil berre vare i kortare periodar.
– Vi beklagar ulempene arbeidet gir, og jobbar for at dette skal gå så raskt som mogleg.
Paulsen ber også folk om å vere merksame på at det vil gå føre seg anleggsarbeid på landområdet til ferjekaia, og at boreriggen vil ta opp noko plass der.
Entreprenør for grunnundersøkinga er Lingen Grunnboring.