Fv. 6242 Sørsundbrua

Fakta

Veg: Fv. 6242

Fase: Byggefase

Kommune: Kristiansund

Kontaktperson: Kjell Inge Langlo, byggeleiar, telefon 91 13 40 49 

Om prosjektet

Sørsundbrua i Kristiansund har behov for oppgradering Møre og Romsdal fylkeskommune

Sørsundbrua er ei 400 meter lang bru som kryssar Sørsundet, som er seglingslei inn til Kristiansund hamn. Brua ligg sentralt i Kristiansund ved at den knyt øya Innlandet med Kirkelandet. Brua ligg på fylkesveg 6242 og har ein årleg døgntrafikk (ÅDT) på 2744 køyretøy. Det er ingen moglege omkøyringar.

Brua stod ferdig til opning i 1963 og var ei av dei første Fritt Frambygg-bruene (FFB-bru) i Norge. Hovudspennet på brua er 100 meter, og er fundamentert direkte på berg i alle aksar.

Brua skal no bli oppgradert. Arbeidet går i hovudsak ut på å forsterke fundament for å tåle potensielle skipspåkøyringar og vêr og vind.

Arbeidet blir utført av Christie & Opsahl AS, og omfattar forsterking av fundament, fenderplate og tårn. Det vil bli sjøarbeid på begge sider av brua, inkludert dykking, bruk av lekterar og forskaling av armeringarbeid under vatn. Mesteparten av arbeidet vil ikkje vere synleg før støyping.  

Under anleggsperioden vil Sørsundet vere stengt for all båttrafikk, med gule bøyer med blinkande lys. Omkøyring skjer via Markussundet.