Fylkestinget har vedtatt at det skal byggast ein ny gang- og sykkelveg mellom Bådalen og Vebenstad i Averøy kommune. Byggetida er om lag 1,5 år, og prosjektet er ute på anbod.
Med ny gang- og sykkelveg blir strekninga tilrettelagt for mjuke trafikantar. Vegen er mellom anna skoleveg for Bådalen friskole.
Vi ser fram til å sette i gang med bygginga, og gjere viktige trafikktryggingstiltak i Averøy kommune, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gang- og sykkevegen mellom Bådalen og Vebenstad var ferdig prosjektert desember 2023, men anbodskonkurransen vart sett på vent i påvente av endeleg budsjettvedtak for 2024. Det er vurdert fleire innsparingstiltak i prosjektet, og forenkla standard er lagt til grunn der det er føremålstenleg.
Byggetida er estimert til å vere om lag 1,5 år frå ein inngår kontrakt med entreprenør.