Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt Christie & Opsahl AS kontrakten om bygging av nye tilleggskaier på Sølsnes og Åfarnes. 
På grunn av ein ti dagars karensperiode, blir kontrakten signert tidlegast 15. mars. Så startar ein samhandlingsperiode der partane går igjennom detaljane i kontrakten og planane for gjennomføring. Sjølve arbeidet på kaiene vil truleg starte mot slutten av mars.
Skal utgreie liggekai på Sølsnes
Fylkesutvalet behandla saka 28. februar 2022 og i vedtaket ber utvalet om at fylkeskommunedirektøren inngår kontrakt på bygginga, sjølv om tilbodssummen på ca. 157 mill. kr eks. mva var vesentleg over byggherreoverslaget. Alternative løysingar for liggekai på Sølsnes og toalett skal utgreiast og leggast fram for vedtak i neste rullering av budsjett- og økonomiplan.
Informasjon til naboar
Det blir halde informasjonsmøte for naboane før bygginga startar. 
- I byggeperioden vil naboane merke aktiviteten vår. Derfor er det viktig for oss med god dialog, at dei veit kva dei kan forvente og korleis vi planlegg arbeidet slik at dei negative konsekvensane ikkje skal bli større enn det som er nødvendig, seier prosjektleiar Hans Rune Paulsen i Møre og Romsdal fylkeskommune. 
Trafikkavvikling
Så langt det er mogleg, skal arbeida på kaiene gjennomførast utan at det påverkar trafikken. 
- I særskilte tilfelle kan det bli behov for å innstille enkeltavgangar eller om natta. Det vil berre skje unntaksvis og det vil bli varsla, fortel prosjektleiaren.
Ferdig i 2024
Ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes er det tredje største fylkesvegsambandet i Møre og Romsdal og er svært viktig for trafikken mellom Nordmøre og Romsdal og Austlandet. Kaiene skal tilpassast dei nye nullutsleppsferjene med nye tilleggskaier (pirar), som skal stå ferdige til 2024.