Fv. 65 Vindøla - Røv

Fakta

Veg: Fv. 65

Planlagd ferdigstilling: 2023

Fase: Ferdigstilt

Kommune: Surnadal

Om prosjektet

Møre og Romsdal fylkeskommune har bygd ein kombinasjon av fortau og gang- og sykkelveg på 1500 meter langs fv. 65 mellom Vindøla og Røv i Surnadal kommune. Fv. 65 er skuleveg for elevane på Mo oppvekstsenter og er relativt smal med bustadar og industri tett innpå vegen. Det køyrer i gjennomsnitt 1600 bilar på strekningen kvar dag. 12 prosent av desse er lange køyretøy.

Prosjektet inneheld:

  • 900 meter gang- og sykkelveg
  • 500 meter fortau
  • Ny gang- og sykkelvegbru på 71 meter over elva Vindøla
  • Betre sikt for trafikantane ved Røvbrua
  • Terrengstabilisering
  • Fire busslommer
  • Veglys på heile strekningen

Planlegging

Kommunestyret i Surnadal vedtok reguleringsplanen for Vindøla-Røv 5. april 2018.

Oppdateringar frå prosjektet