Fv. 659 Nordøyvegen

Fakta

Veg: Fv. 659

Planlagd ferdigstilling: 2022

Fase: Ferdigstilt

Kommune: Ålesund

Entreprenør: Skanska Norge AS

Om prosjektet

Dei 2700 innbyggarane på Nordøyane og resten av Ålesund kommune blir knytt nærare saman gjennom fastlandssambandet. Næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt og forutsigbart transportsystem. 

Nordøyvegen erstattar to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.

Prosjektet omfattar:

  • Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
  • Laukebrua, ei 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter  lang bru i Hamnaskjersundet.
  • Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
  • Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
  • Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta  til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
  • Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, 170 meter.
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
  • Ny veg over Fjørtofta.

Prosjektet vart kåra til Årets anlegg i 2022.

Bilete av bru  - Klikk for stort bileteNordøyvegen