FV. 67 Høvikbrua

Fakta

Veg: Fv. 67

Fase: Bygging

Kommune: Molde

Om prosjektet

Den gamle brua vart i 2021 snevra inn til berre eitt køyrefelt med sentrisk køyring, grunna redusert bereevne.

Den nye brua blir 14,8 meter lang, og det blir etablert nye landkar og murar. I prosjektperioden blir trafikken leda via ein mellombels veg samt ei mellombels bru på oppstrøms side av den eksisterande brua.

Før ein kan rive den eksisterande brua må den mellombelse vegen og brua vere opna for trafikk. Prosjektet vurderer at desse skal vere klare til bruk i januar 2024.

Anleggsarbeidet hadde oppstart i september 2023 og vil vare fram til november 2024.

Oppdateringar frå prosjektet