Kollektivknutepunkt Keiser Wilhelms gate

Fakta

Fase: Planlegging

Kommune: Ålesund

Om prosjektet

Prosjektet kollektivknutepunkt Keiser Wilhelms gate er ein del av Bypakke Ålesund. Her blir det av- og påstiging i gata istadenfor at bussane står og ventar lenge på bussterminalen og tek opp plass.

Kollektivknutepunktet blir i Korsegata og delar av Keiser Wilhelmsgate, og erstattar dagens bussterminal. Omgjevnadane skal få ei kraftig opprusting, med gode fortau og fine område for folk og opphalde seg på.

Arbeidet er venta å starte i juni 2023 og vere ferdig hausten 2024.

Du kan sjå meir informasjon på nettsidene til Bypakke Ålesund. 

Planlegging

Kollektivknutepunktet er ein del av Bypakke Ålesund.  Ålesund kommune vedtok Sørsideplanen 05.03.2015, der plassering av nytt kollektivknutepunktet i sentrum var ein del av plana.

Bystyret i Ålesund vedtok Bypakken i 2019. Stortinget vedtok Bypakken i 2021. 

Dei overorda rammene for arbeidet med bypakke Ålesund kan oppsummerast i tre hovedmål:

  • Byen skal ha et pålitelig og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.
  • Bypakken skal bidra til å utvikle et framtidsrettet kollektivtilbud.
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og bærekraftig byutvikling.

Oppdateringar frå prosjektet