I august 2023 starta Møre og Romsdal fylkeskommune på arbeidet med å utbetre ferjekaiene i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Ferjekaia på Voksa var først ut i prosjektet – no er det snart klart for oppstart på Kvamsøya.
Anleggsarbeidet på Kvamsøya startar i løpet av veke 45. Det er planlagt at denne ferjekaia skal være ferdig i slutten  av mai i 2024. 
Ferjesambandet som ofte blir kalla Sandesambandet går mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy i kommunane Sande og Vanylven. Ferjekaiene er stort sett om lag 40–50 år og i dårleg stand. Frå 2025 blir det sett inn ei ny ferje i sambandet, med kapasitet på 50 personbilar. Dagens ferje har plass til 35.
Aurstad Tunnel AS er entreprenør på alle kaiene i prosjektet.
Arbeidet på Kvamsøya
Byggeleiar for ferjekaiprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Andreas Tennøy Brekke, opplyser at den eksisterande tilleggskaia på Kvamsøya skal forlengast og at det vil bli montert ny ferjekaibru. 
– I tillegg skal vi utdjupe og tilpasse brubåsen og sørge for erosjonssikring, fortel han.   
Brekke ber trafikantane om å vere førebudd på at det blir eit anleggsområde på ferjekaia. 
– Det er viktig at trafikantane er merksame på at det vil gå føre seg anleggsarbeid på ferjekaiområdet. Prosjektet gjer det vi kan for at trafikken skal kunne gå mest mogleg som normalt, men det kan likevel bli noko redusert framkomme under byggeperioden, seier han. 
– Det vil bli noko færre parkeringsplassar på ferjekaiområdet. Spesielt pendlarar må vere merksame på dette.
Korte stengeperiodar
Brekke forklarar også at enkelte arbeidsoperasjonar krev at ferjekaia på Kvamsøya blir stengt i kortare periodar.  
– Det vil bli inntil ti stengeperiodar i løpet av byggetida fram til og med mai 2024, og alle desse vil bli lagt til helg, frå fredag kveld til måndag morgon. Når ferjekaia er stengt, vil det bli sett opp alternativt trafikktilbod med hurtigbåt, seier han og fortset:
– Fylkeskommunen har forståing for at arbeid som fører til at vi må stenge ferjekaia kan gje ulemper for lokalsamfunnet på Kvamsøya. I dialog med entreprenøren har vi valt å legge arbeidet til den tida av veka då det er minst trafikk. Vi kjem ikkje utanom stenging, men vi gjer det vi kan for å minske ulempene så langt det er mogleg.
Varsling av stenging
Første stengeperiode er ikkje endeleg bestemt enno, men tidlegaste stenging kan bli i helga 24.–26. november. Brekke opplyser at det vil kome meir informasjon om dette.
– Alle stengeperiodar vil bli varsla minimum to veker før, slik at det skal vere mogleg for folk å planlegge for eit alternativt trafikktilbod med hurtigbåt. Då vil det også bli informert om rutetider for båten, avsluttar byggeleiaren.