Her finn du dei vedtatte retningslinjene og skjema for TT-kort.
Klageskjema TT-kort
- Vedtaket er eit einskildvedtak som du eller ein annan part med rettsleg klageinteresse kan klage på etter forvaltningslova §§ 28 og 29.
- Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen du fekk vedtaksbrevet og det er tilstrekkeleg at klaga er postlagd innan utløpet av fristen.
- Ei klage må vere skriftleg, du må opplyse kva vedtak du klagar på og kva endringar du ønskjer oppnådd ved klaga. Eventuelle tilleggsopplysningar som kan ha betydning for vurdering av klaga, må du dokumentera.
- Klagar har rett til å sjå dokumenta i saka, med dei avgrensingane som kjem fram av forvaltningslova §§ 18 og 19.
- Send klaga til Møre og Romsdal fylkeskommune. Bruk Klageskjema TT-kort som står under Klage og refusjon på våre nettsider mrfylke.no/tt.
- Saksbehandlar vil vurdere saka på nytt og kan ta klaga til følgje. Dersom klaga ikkje blir tatt til følgje, vil saka bli sendt vidare til klagenemnda i Møre og Romsdal for endeleg vedtak.
Refusjonsskjema TT-kort
- Blir ikkje TT- kortet brukt over ein samanhengande periode på 12 månader, blir godkjenninga som TT-brukar trekt tilbake og kortet sperra.
- Du må då søke på nytt og blir satt på venteliste.
- Du kan søke om å fryse kortet opptil 12 månader dersom det er helsemessige årsakar til at du ikkje kan bruke det. Ved frysing av kort, treng du ikkje å søke på nytt.
- Det er ein eigenandel på 40 kroner per reise. Du kan ikkje bruke TT-kortet til å dekke eigenandelen
- TT-kortet skal som hovudregel brukas i Møre og Romsdal fylke, men du kan bruke TT-kortet til fritidsreiser andre stader i landet. Du må sjøl passe på at du har tilstrekkeleg dekning på TT-kortet.
- Dersom drosja du reiser med ikkje kan bruke TT-kortet ditt som betalingsmiddel må du legge ut for TT-reisa og søke om refusjon i etterkant. (Sjå refusjonsskjema over)