Men kva er ABC? ABC står for «act, belong, commit» – og er omsett til å gjere noko aktivt, gjere noko saman og å gjere noko meiningsfylt. Metoden er utarbeidd i Australia, og Trøndelag fylkeskommune har vore nasjonal pilot for metoden i Noreg. No vert prosjektet rulla ut nasjonalt, og fylkeskommunen i Møre og Romsdal er med!
I Møre og Romsdal har vi sett følgjande mål for prosjektet vi har søkt midlar til: Målet er regional og lokal implementering av ABC-rammeverket som kunnskapsbasert rammeverk som fremmer psykisk helse i hele befolkninga, i det offentlege og i frivillige organisasjonar. Dette skal skje gjennom auka kompetanse og bevisstheit, i tillegg styrking av helsefremmande aktivitetar lokalt i Møre og Romsdal.
I første omgang ønsker vi å fokusere særleg på verdien av ABC i frivillig sektor, og vi inviterer både frivilligheita og kommunane for å bli kjent med verktøyet. Følg denne lenka for å lese meir om ABC-metoden.
I samband med at vi startar arbeidet i Møre og Romsdal, så ønsker vi å invitere til ein inspirerande konferansedag på Scandic Seilet i Molde 27. mai. På programmet står mellom anna erfaringar frå Trøndelag og resultat frå den nye frivilligundersøkinga i Møre og Romsdal.
Målet med konferansen er å gi inspirasjon og at vi får brei medverking på korleis vi kan ta dette vidare i fylket.
Målgruppe
Konferansen er relevant for mange og vi håpar på brei deltaking.
Frå kommunane: Rådgivarar for frivilligheit, folkehelse, kulturleiar, frivilligsentralar, politikarar.
Frå frivilligheita: Regionledd, paraplyorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar i fylket.
Vi vil også invitere dei som får driftstilskot frå fylkeskommunen, sjølv om de ikkje har eit regionalt ledd.
Program
Fullstendig program med klokkeslett finn du på følgjande lenke: Program 27 05 25.pdf (PDF, 107 kB)
- ABC for god psykisk helse: Kva og kvifor – Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin, HUNT forskningssenter/NTNU
- Erfaringar frå ABC-piloten i Trøndelag – Mari Jørgensen Ryen, ABC-koordinator i Trøndelag fylkeskommune
- ABC frå et kommunalt perspektiv, med erfaringar frå samskaping og mobilisering i et helt lokalsamfunn – Vigdis Lauritzen Thun, Oppdal kommune
- Eksempel frå Frivillige organisasjonar som jobbar med ABC.
- Dette seier frivilligheita og kommunane om frivilligheita i fylket – Hanna Storm, Telemarksforsking
- Tips til å jobbe videre med frivilligheit – Vanja Konradsen, Frivillighet Norge
- Medverking til korleis vi skal ta dette vidare
Påmelding
Gratis deltaking på konferansen.
Følg denne lenka for å melde deg på konferansen.
Påmeldingsfrist: 12.05.2025
Kontaktperson
Rigmor Hustad Holen