4,5 millionar kroner til studiesenter i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen lyser ut inntil 4,5 millionar kroner til etablering og drift av studiesenter i Møre og Romsdal. Ordninga er finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet, og søknadsfristen er 15. september 2025. 

Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og eit læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning i distrikta. Dei faglege tilboda kan vere levert av fagskular, høgskular og universitet eller vidaregåande skular. 

Formålet med studiesenterordninga er bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene som følgje av lange avstandar.

Studiesenter skal levere utdanningstilbod på bakgrunn av behova i samfunns- og arbeidslivet i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen vil i vurderinga av søknadar legge vekt på at studiesenter støttar opp om prioriteringar i Fylkesstrategi for kompetanse 2024-2027. Fylkeskommunen legger vekt på at søkarar skildrar korleis tilboda utfyller utdanningstilbodet i regionen, og at studiesenter samarbeider med utdanningsinstitusjonane i fylket der det er mogleg. 

Sjå meir om ordninga på Møre og Ronsdal fylkeskommune sine nettsider. 

Søknaden skal fyllast ut og leverast i søknadsportalen regionalforvaltning.no. Søknadsfrist er 15. september. 

Midlane er øyremerka frå Kommunal- og distriktsdepartementet, som også har utarbeidd ei eige forskrift for ordninga. Fylkeskommunane har frå 2025 fått ansvaret for denne ordninga, tidlegare låg ansvaret for ordninga til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Staten har i denne omgang overført 50 millionar kroner til fylkeskommunar rundt om i landet. Midlane kan berre nyttast til studiesenterordninga.