Andrine er årets lærling

Barne- og ungdomsarbeidar Andrine Vinjevoll (23) frå Ørsta er Årets lærling i fylket. Ho imponerte på fagprøven og har vist svært god evne til å skape trygge rammer, bygge gode relasjonar og tilpasse aktivitetar til barna.

Kvinne med kort hår og brun genser står framfor eit tre. - Klikk for stort bileteAndrine Vinjevoll frå Ørsta er både stolt og glad for å bli kåra til Årets lærling. Marthe Mølstre

Ein fagprøve av svært høg kvalitet og rosande omtale frå fleire kantar overtydde juryen, som kåra Andrine til Årets lærling. Juryen består av Yrkesopplæringsnemnda og kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
-    Under gjennomføringa viste kandidaten svært god evne til å skape trygge rammer, bygge gode relasjonar og tilpasse aktivitetar til aldersnivå og individuelle behov. Kandidaten kommuniserte tydeleg, viste ansvar, og handterte uventa situasjonar på ein roleg og fagleg trygg måte,  står det i nominasjonen frå prøvenemnda.

Heile opplæringa i bedrift

Den ferske fagarbeidaren syns det det nærast er surrealistisk å få utmerkinga.
-    Eg er så utruleg stolt av meg sjølv. Det å vinne denne prisen er tidenes bekrefting på at alt det harde arbeidet var verdt det, seier ho om kåringa. 

Ho legg ikkje skjul på at det har vore ein lang veg å kome dit ho er i dag. Andrine fullførte først Restaurant og matfag ved Borgund vidaregåande i perioden 2018-2020 og jobba deretter blant anna som kokk. Etter å ha prøvd seg i ein barnehage, ønska ho å skifte retning, og starta derfor i lære i barne- og ungdomsarbeidarfaget gjennom Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre. Ho fullførte heile opplæringa i bedrift.
-    Dette blei noko som ga meg meir meining, og eg angra ikkje eit sekund på at eg bytta fag, seier ho og deler ut ros til dei flotte arbeidsplassane ho har hatt i Ørsta kommune.

Læretida fordelte ho mellom Sæbø barnehage, Vikemarka skule og Åmås friskule. Tre månader var ho også på den Norske Skole Gran Canaria, gjennom Practica Canaria, Erasmus +.

8. mai 2025 gjekk Andrine opp til fagprøve  og fekk ‘meget godt bestått’.

Heidre dyktige lærlingar

Andrine blei nominert til prisen av både Opplæringskontoret Søre Sunnmøre og prøvenemnda. 
Som Årets lærling vil ho få ein premie på 10 000 kroner, diplom og blomster.  
Med prisen Årets lærling ønsker fylkeskommunen å synleggjere og heidre alle dei dyktige lærlingane i fylket.  


Les meir om prisen Årets lærling.