Overaa har gjort ein formidabel innsats med å setje sitt preg på kulturlivet i Møre og Romsdal, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.
Teatret vårt
Astrid Overaa er og har vore ei viktig og markant kulturpersonlegheit i Møre og Romsdal gjennom fleire tiår. No har kultur- og folkehelseutvalet vedtatt å gi ho fylkeskulturprisen.
– Ho er ein person mange av oss har fått oppleve på scena eller gjennom skjermen, eller gjennom å vere hennar elev. Overaa har gjort ein formidabel innsats med å setje sitt preg på kulturlivet i Møre og Romsdal, og vi er heilt sikre på at ho kjem til å gjere det i lang tid framover også! seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.
Astrid Overaa (f. 1956) er skodespelar oppvaksen på Fjelltun i Ålesund, med bakgrunn frå mellom anna barneteater, alvorlege drama, monologar og ulike filmroller, i tillegg til turnear i samarbeid med Teatret Vårt. Ho er også drivar av scena «Teaterfabrikken».
– For sin lange og markante innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal er Astrid Overaa ein verdig vinnar av fylkeskulturprisen i 2024 og kultur- og folkehelseutvalet gratulerer! avsluttar Jessica Gärtner.
Kulturinnsats utover det vanlege
Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar:
- som høyrer heime i fylket
- som har sterk tilknyting til fylket
- som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
- som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping
Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.Prisen er på 50 000 kroner, og ein diplom. Prisen blir delt ut på fylkestinget i desember.
Sjå liste over tidlegare vinnarar av fylkeskulturprisen her