Fylkeskulturprisen

Kjenner du, eller veit du om nokon, som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen

Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngiving i skjemaet som du finn på denne sida, innan 1. september.

Retningslinjer for fylkeskulturprisen (PDF, 82 kB)

Tidlegare vinnarar av Fylkeskulturprisen

Tidlegare vinnarar av Fylkeskulturprisen
År Namn Fagområde Heimkommune
2024 Astrid Overaa Teater Ålesund
2023 Jazzlogen Musikk Molde
2022 Hjørundfjord kulturvernlag Ørsta
2021 Maria Parr Barnebokforfattar Vanylven
2020 Fuglset mannskor Musikk Molde
2019 Karin Augusta Nogva Visuell bildekunst Ålesund
2018 Smøla Janitsjarorkester Musikk Smøla
2017 Margaret Alice Rensvik Pianist og dirigent, dagleg leiar av Kristiansund Kirke Kunst og Kulturfestival Kristiansund
2016 Inger Marie Bakke Skodespelar og leiar, Høstscena i Ålesund Skodje
2015 Arne Tunheim Frivillig verksemd Giske
2014 Ragnar Ulstein Forfattar og krigshistorikar Ulstein
2013 Ungdomslaget Fram Haram
2012 Ola Gjendem Lokalhistorikar, spelemann, folkedans Molde
2011 Nils Tore Leivdal Lokalhistorikar og forfattar, spelemann, kulturvernar Gjemnes
2010 Stig Nilsson Forfattar, dramatikar, artist Kristiansund
2009 Knut Ødegård Forfattar Molde
2008 Hareid-stemna Arrangement Hareid
2007 Bernt Johannes Hildrestrand Frivillig verksemd Haram
2006 The Brazz Brothers Musikk Sula
2005 Arild Hoksnes Folkemusikar, forfattar, kåsør m.m. Aukra
2004 Jostein Fet Folkemusikar og forfattar Volda
2003 Anne Karin Elstad Forfattar Halsa
2002 Ørnulf Opdahl Bildekunst Ålesund
2001 Fjord Cadenza Musikkakademi og festival Skodje
2000 D/S Thorolfs venner Venneforeining veteranbåt, kulturvern Sula
1999 Oddgeir Bruaset Forfattar og journalist i NRK Rauma/Ålesund
1998 Ålesund Symfoniorkester Musikk og formidling Ålesund
Frode Alnæs Musikar Kristiansund
1997 Eirik Moen Forfattar og kulturformidlar Molde
Egil Husby Lokalhistorikar Kristiansund
1996 Peggy Kruse og Stiftelsen Fru Guri av Edøy Forfattar og historisk spel Smøla
1995 Annbjørg Lien Musikar Mauseidvåg
Astri Eidseth Rygh Bildekunst Volda
1994 Olav Grytnes Kulturformidling Kristiansund
1993 Jacob Kjersem Idrett Vestnes
1992 Dagfinn Nupen Folkemusikk Ørsta
1991 Harald Grytten Museumsstyrar, forfattar Ålesund
Bjørn Austigard Museumslektor, forelesar og kåsør for Romsdalsmuseet. Kulturvernar. Forfattar av årgangsboka / Romsdal Sogelag Molde
1990 Edvard Hoem Forfattar Hustadvika/Oslo
1989 Petter Dyrkorn Lokalhistorikar, amatørarkeolog Haram
1988 Teatret Vårt Ungdomsarbeid og teaterverksemd Molde
1987 Tor Strand Organist og korarbeidar Tingvoll
1986 Storfjordens Venner Kulturvernarbeid for Storfjorden Stranda
1985 Henry Vike Musikk og anna kulturarbeid Vestnes
1984 Idrettsleikane ved Hellandheimen Idrettsarrangement for funksjonshemma born og unge Vestnes
Ytre Suløens Jass-ensemble Jazz, særleg sjangeren Trad-jazz Sula
1983 Martha Schumann Forfattar Molde
1982 Skruk v/Per Oddvar Hildre Songar, kordirigent, instruktør Volda
1981 Marie Lovise Widnes Johansen Allsidig kulturarbeid, sang, dikting, kåseri Hareid
1980 IL Hødd v/ Kjetil Hasund Idrett og ungdomsarbeid Hareid
Inga Farstad Nordmørsbunaden Tingvoll
1979 Kalla Skrøvseth Malar, songar, kyrkjekunstnar. Arbeid innan verdiskapande kulturarbeid i Romsdal Surnadal
Otto Chr. Sættem Musikk, jazzfestivalen Molde
Anders Gjendem Arbeid med Bondeungdomslaget. Spelemann v/ Romsdalsmuseet. Samling og bevaring av folkemusikk Molde
1978 Johan H. Grimstad Song, musikk og allsidig kulturarbeid på Sunnmøre Hareid
Henning Sommero Samling, bevaring og arrangering av folkemusikk. Komponist, dirigent og organist Surnadal
1977 Per Amdam Allsidig kulturformidling i skrift og tale. Bjørnsonforbundet, Romsdalsmuseet, Fylkeskulturstyret Molde
1976 Sakarias Ansok Forfattar og kåsør samt registrering av fjell på Sunnmøre Stranda
Magnus Skei Kulturvernarbeid, lokalhistorisk arbeid, reising av Tingvoll bygdemuseum Tingvoll
1975 Leif Halse Forfattar, talar, folkemusikar Trondheim
Rikke Flovikholm Kulturformidlar og kåsør innan kunst og kultur Molde
Ivar Grøvik Arbeid innan museum og amatørteater. Lokalhistorikar, folkemusikar, forfattar Ørsta
1974 Bjarne Rabben Talsmann for IOGT og DNT, lokalhistorikar og forfattar Herøy
Nils Parelius Registrering og bevaring av fortidsminne i Romsdal, arbeid for Romsdal Sogelag, deltaking i diverse kulturhistoriske saker Molde
1973 Peder Rensvik Musikk Frei
Bård Larsen Musikk Ulstein
Kari Barstad Biletkunstnar (teiknar og grafikar) Molde
Hans Hyldbakk Forfattar (lyrikar og diktar) Surnadal