Frå venstre Espen Elvemo Jensen, Isabel Palmu, Lejla Latific, Anne Folland Bogen, Elisabeth Synnes, Eirin Helene Celius, Andrine Vinjevoll, Didrik Torhaug, Tomine Winje Skar.
Per-Kristian Bratteng
Måndag fekk kullet på ti lærlingar frå Erasmus+ Practica Canaria utdelt Europass, som er ein attest frå praksisen på Gran Canaria, samt ei evaluering av opphaldet.
– Prosjektet har gått sidan 2015, og elevane får tilbod om å ta ein del av læretida i Europa. Dette er det andre kullet etter koronaen, seier Berit Brudeseth, rådgivar i Opplæring i bedrift i fylkeskommunen. Ho meiner det viktigaste med opphaldet er at elevane får sjå breidda i faga.
– Dette er noko anna enn å vere 24 månadar ved ei bedrift i Noreg. Med tre månadar i Spania får dei eit anna perspektiv på bransjen som dei tar lære i. Ei verdifull erfaring, seier Brudeseth.
Practica Canaria er ein del av fylket si satsing for å inspirere fleire unge til å ta fagbrev. Av dei ti som drog til Gran Canaria, var det seks frå reiselivsfaget, to frå barne- og ungdomsarbeid, ein frå kokk og ein frå frisør.
Nye oppgåver, nye situasjonar
Og lærlingane er ikkje ueinige:
– Eg vart kjent med mange nye folk frå heile fylket og frå Gran Canaria, seier Anne Folland Bogen frå Averøy.
– Vi fekk nye måtar å løyse ting på, nye oppgåver. Nye situasjonar som kan oppstå på arbeidsplassen heime skjer oftare i utlandet. Dermed får ein større innsyn til å handtere forskjellige situasjonar med forskjellige folk, seier Eirin Helene Celius frå Sekken i Molde.
– Det er ei moglegheit som nesten ingen får. Eg trur vi alle kan vere einige om at vi er glade for at vi tok moglegheita. Og ikkje berre at vi drog åleine, men at vi drog som ein gjeng og med det fekk eit tryggare miljø, seier Andrine Vinjevoll frå Ørsta.
– Lærte mykje om meg sjølv
– Eg synest det var kjempefint. Det var ei lærerik oppleving, og eg lærte mykje om meg sjølv, seier Elisabeth Synnes frå Vigra.
Lærlingane sitt opphald blir finansiert gjennom EU sitt utdanningsprogram Erasmus+. Og ifølge Berit Brudeseth er det også neste skoleår planar om nye ti lærlingar på utveksling på Gran Canaria.
Les meir på mrfylke.no om utveksling i Europa for lærlingar