Berre veker igjen, no skal dei planlegge startskotet

Snart er det Friluftslivets år 2025. Måndag skal friluftsfolk planlegge starten for ei storstilt markering i heile fylket.

Bål. - Klikk for stort bilete18. januar er det klart for «Hele Norge båler». Gard Eirik Arneberg / Friluftslivets år 2025

Første hovudmarkering av friluftsåret er allereie 18. januar og den påfølgande veka. Då skal heile Noreg tenne bål.

– Målet med Friluftslivets år 2025 er å skape begeistring for eit naturvenleg friluftsliv og å senke terskelen for å delta. Det første arrangementet er «Hele Norge båler», der dei aller fleste kan delta. Å samle seg rundt eit bål i januar gir både varme, det er sosialt og ei god oppleving for både kropp og sinn, seier Petter Jensen, rådgivar for friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Måndag 16. desember samlar han og dei frivillige friluftslivsorganisasjonane i fylket, alle kommunar til planleggings- og informasjonsmøte om Friluftslivets år 2025. Blant dei som skal informere er prosjektleiinga i Friluftslivets år 2025 og friluftsråda i fylket.

– Målet er å få informert kommunar i Møre og Romsdal om dei foreløpige planane for markeringa av Friluftslivets år 2025. I tillegg håpar vi å få vite litt om kva kommunane planlegg. Kanskje kan møtet skape nye kontaktar mellom dei frivillige og kommunane som kan utnyttast i markeringa av året? spør Jenset.

Nyleg har fylkeskommunen løyvd 1,5 million kroner til 33 lag og foreiningar og deira markeringar av Friluftslivets år 2025.