Deler ut 125.000 kr til tiltak som skapar fellesskap for unge

Ungdommens fylkesråd har starta vårens søknadsrunde for ungdomsmidlane, og det er no mogleg å søke om støtte til aktivitetar som skaper samhald og engasjement blant ungdom i alderen 13-19 år.

Ungdom. - Klikk for stort bileteUngdommens fylkesråd. Per-Kristian Bratteng

Ordninga legg stor vekt på tiltak som er opne for fleire og som bidreg til eit breitt og variert aktivitetstilbod i fylket.

Kvart år delar rådet ut 250.000 kroner, fordelt på to rundar – 125.000 kroner om hausten og 125.000 kroner om våren. Midlane går til prosjekt som ikkje får anna støtte frå fylkeskommunen, og som treng hjelp til å gjennomføre arrangement eller skaffe utstyr for å lage aktivitetar.

Her kan du søke om ungdomsmidlar

Både ungdom og vaksne kan søke, og rådet ønskjer særleg initiativ som spring ut av idéar frå ungdom sjølve.

Leiar i ungdommens fylkesråd, Iver Aarebrot, oppmodar fleire om å gripe moglegheita:

– Søknadsrunden er allereie i gang, og vi håpar mange vil kome med gode og kreative prosjekt. Aktivitetar som samlar ungdom har stor verdi, og vi ønsker å støtte tiltak som skapar fellesskap og trivsel der ungdom bur, seier Aarebrot.

Søknadsskjema ligg på fylkeskommunen si nettside, og søknader blir tekne imot fram til 1. april.