Europeiske prosjekt til Geiranger, skal lære å lokke digitale nomadar

Frå måndag 21. til onsdag 23. oktober samlast mest 30 deltakarar frå fleire europeiske land i verdsarvbygda Geiranger for å samarbeide om å lokke digitale nomadar til rurale regionar i Europa. 

Bilde av Geirangerfjorden. - Klikk for stort bileteGeirangerfjorden i vakkert haustvêr. Olav Fransson Drangeid

I Geiranger blir  mellom anna nysatsinga Arctic Digital Nomads Grant lansert. Den skal gi nomadar og kunstnarar moglegheit til å søke stipend for å bu og jobbe på Færøyane, Island eller i Geirangerfjorden verdsarvområde.

Gjennom to prosjekt, EDIN og Coworking for bygdeliv, skal deltakarane utforske korleis coworking-senter og tilrettelegging for digitale nomadar kan bidra til sosial og økonomisk verdiskaping på dei små stadane våre, også utanom den travle sommarsesongen. 

Med deltakarar frå mellom anna Island, Spania, Italia og Finland blir dette eit treffpunkt mellom regionar frå ulike delar Europa. Regionane har til felles at dei er rurale område med utfordringar knytte til fråflytting, aldrande innbyggarar og periodar med overturisme.

Kva er ein digital nomade?

Digitale nomadar er arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande som kan jobbe frå kvar som helst, så lenge dei har tilgang til internett. Det finst mange forskjellige typar digitale nomadar, men dei blir gjerne over lenger tid i lågsesongar og har kompetanse innan typiske fjernarbeidsyrker som IT-utviklarar, grafiske designarar eller anna. 

Illustrasjon coworking. - Klikk for stort bileteJobb og utsikt i eitt og same bilde. Hyke Studio

Dei kan velje å bu på vakre stader som Geiranger, der dei kan kombinere arbeid med naturopplevingar. Dei norske partnarane er særleg interesserte i dei digitale nomadane som også besøker for å ta del i og bidra til lokalsamfunnet, og slik skape både sosial og økonomisk verdiskaping som støttar opp om kulturen og tradisjonane til bygdene våre.

Prosjektbesøket i Geiranger kjem til å bruke tid på korleis vi kan tiltrekke desse nomadane. Samtidig må vi utforske korleis vi får dei til å spele på lag med lokalsamfunna våre og tilby kompetanse og samfunnsengasjement mens dei besøker oss.

Agenda i Geiranger

Under besøket i Geiranger vil deltakarane delta på ulike møter og verkstader der dei skal dele erfaringar og utforske nye løysingar for å gjere rurale område i Europa meir attraktive for digitale nomadar. 

Det blir noko samanfall mellom dei to prosjekta, men agendaen er i hovudsak knytt til EDIN-prosjektet (sjå vedlegg).