Få støtte til masteroppgåve – søk stipend innan 15. november

Skal du levere masteroppgåve våren 2025? Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut masterstipend på 25 000 kroner, og søknadsfristen er fredag 15. november.

kvinne i brun strikkagenser les ei brosjyre - Klikk for stort bileteSøk stipend til masteroppgåva, det kan løne seg. Erik Birkeland

 Du kan få stipend om oppgåva di belyser ei aktuell problemstilling i Møre og Romsdal, innanfor fagområda kultur, utdanning, kompetanse, næringsutvikling eller berekraftig samfunnsutvikling. Dette er ein gyllen sjanse til å få litt ekstra støtte til oppgåva di.

Dei einaste kriteria er at oppgåva treff eit av fagområda og at den skal leverast i løpet av våren 2025.

Tidlegare har vi blant anna gitt stipend til oppgåver om:

  • Helsesjukepleiarar si erfaring med bruk av ein kunnskapsbasert nettportal i møte med ungdommar med psykiske helseplager i skolehelsetenesta
  • Ein autoetnografisk studie av eit kunstnarisk prosjekt i skjeringspunktet mellom eigen musikalsk identitet og folkemusikk
  • Traumatisk byutvikling - Ei undersøking av haldningar og verdiar knytt til gjenreisningsarkitekturen i Molde og Åndalsnes

Les meir om stipendet og korleis du søker på denne sida.