Få støtte til ungdomsprosjekt - realiser ideane dine!

No er det igjen mogleg for ungdom i Møre og Romsdal å søke om støtte til spennande prosjekt og aktivitetar. Ungdomspanelet har 125.000 kroner som skal fordelast, og søknadsfristen er 1. april.

13 ungdomanr i kvite hettegensarar står på ein grasplen i lag. - Klikk for stort bileteUngdomspanelet, f.v.: Nora Brevik, Noah Arntsen, Mads Harstad, Kasper Dalhaug, Lisa Roald, Rikke Frilund, Magnus Smørdal, Iver Aarebrot, Kenni Dogbey, Ida Fjerstad, Linda Mordal, Kristine Dimmen, Nikola Bileska. Møre og Romsdal fylkeskommune

Ungdom og dei som jobbar med ungdom kan søke om midlar til utstyr eller arrangement. Prosjektet må vere ope for fleire og ha ein positiv effekt over tid. Fristen er 1. april.

Grip sjansen!

Leiar i Ungdomspanelet, Magnus Smørdal, oppmodar unge til å gripe sjansen. 

– Dette er ei god moglegheit til å samle ungdom og finne på artige ting saman. Det å få støtte til utstyr og arrangement gjer det enklare å skape aktivitet, og det viktigaste er å engasjere flest mogleg. Dei som søker, bør vere tydelege på kvifor tiltaket er bra for ungdom og korleis det kan bidra til eit betre lokalsamfunn. Ungdomsklubbar har til dømes aktivitetar som gjer dei godt eigna til å søke, seier Smørdal.

–  Vi veit at det er mange kreative og engasjerte ungdommar i fylket vårt. Gjennom ungdomsmidlane ønskjer vi å gi økonomisk støtte til prosjekt som skaper aktivitet og fellesskap.

I førre tildelingsrunde fekk prosjekt som innkjøp av diskogolfkorg, ungdomskveldar, aktivitetskveld og gratis rusfritt arrangement for ungdom støtte. 

Kva gjer ungdomspanelet?

 Det er ungdomspanelet, Møre og Romsdal sitt politiske organ for ungdom, som deler ut ungdomsmidlane, i april og desember, kvart år.

Ungdomspanelet har i tillegg desse oppgåvene:

  • bidra til at ungdom i Møre og Romsdal får reell medverknad
  • påverke politiske saker i fylkeskommunen
  • auke samfunnsengasjementet til ungdom
  • bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar
  • vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom

 

Her kan du søke støtte.