Fann pil frå yngre jarnalder ved fonn i Sunndal

Like nedanfor ei snøfonn på fjellet Råstu, oppdaga Eirik Kristensen ei pil som dukka opp etter snøsmeltinga i sommar.

Brødrene Eirik og Einar Kristensen var fjelltur i Sunndalsfjella på laurdag, då Eirik såg ein detalj som stakk seg ut i blant steinane, like nedanfor ei snøfonn på fjellet Råstu, om lag 1.500 meter over havet i Sunndal kommune.

-  Eg syns det var stas, det var det vi hadde håpa på at vi skulle finne. Men det tok litt før eg skjønte kva eg såg, seier finnaren.  

Det gjekk berre fem minutt frå dei starta rundturen rundt fonna, til Eirik oppdaga pila.

- Det var ikkje uventa å finne noko, men det var uventa at det skjedde så fort.

Brødrene som begge bur i Tronheim men opphaveleg kjem frå Averøya, hadde planlagt at dei skulle gå til fonna for å sjå etter spor frå fangst og jakt, og dei gjekk planmessig til verks. Einar som er arkeolog og held på med doktorgrad om fonnefunn, gjekk langs kanten av fonna, Eirik gjekk nokre meter unna. Pila var lett å sjå.

- Vi var langt over tregrensa, der det berre er stein snø og is, og den 40 cm lange trepinnen vistes ganske tydeleg. Ho låg inntil en stor stein, open og synleg.

Utifrå forma på pilspissen, så er pila truleg frå yngre jarnalder, mellom periodane som blir kalla Merovingertid-Vikingtid, i åra 570 -1030 e.Kr.

Skaftet på pila var lysbrunt, og det var dette som var synleg blant steinane. Sjølve pilspissen av jarn var rusta.

Rask snøsmelting

Med den relativt varme og tørre sommaren som har vore, så har snøsmeltinga i høgfjellet skote fart. Det betyr at restar etter forminne som fram til no har vore dekt av is kan bli synlege.

Fylkeskommunen har tidlegare fått inn meldingar om fleire slike spennande funn, som kan stamme frå jakt og fangst av villrein på høgfjellet, men pila Kristensen fann er årets første fonnefunn i Møre og Romsdal.

Fonna der pila dukka opp, ligg berre 500 meter frå turiststien fra Vangshaugen til Raubergshytta, som turistforeininga eig.

- Det er artig å tenke på at folk har gått der i tusenvis av år, på dei same plassane som vi går. Stiane er bortimot dei same som vi gjekk, meiner Eirik.

Brødrene fortsette å leite langs fonna, men fann ikkje meir. Dei tok bilde av pila og kvar den vart funne, og frakta ho forsiktig ned frå høgfjellet. Funnet er no overlevert til gjenstandsmagasinet ved NTNU.

Meld frå

Fylkeskommunen oppmodar   folk til å følge litt ekstra med når dei er på tur i høgfjellet. Tidlegare i sommar oppmoda dei turgåarar til å melde frå dersom dei fann oppdaga funn.

-  Ver særleg merksam langsmed smeltande snøfonner og i område kor ein veit det finst jakt- og fangstanlegg. Slike lausfunn bidrar til å auke kunnskapen korleis menneske i fortida levde og brukte villreinen som ressurs i regionen, seier arkeologane Guro Dehli Sanden og Kristoffer Dahle i fylkeskommunen.