Får Fylkeskulturprisen 2026 for arbeidet bak Søblomsten

Båtbyggarmuseet/Fartøysamlingane i Vestnes får Fylkeskulturprisen 2026 for arbeidet med å restaurere galeasen Søblomsten
 

Med å gi prisen, løftar eit einstemmig kultur- og folkehelseutval fram korleis prosjektet har tatt vare på både fartøyet, handverkstradisjonane og den maritime kulturhistoria i fylket.
– Arbeidet med Søblomsten viser kva vi kan få til når fagkunnskap, frivillig engasjement og respekt for kulturarven går hand i hand. Her blir ein viktig del av historia til kystfylket Møre og Romsdal ikkje berre bevart, men gjort levande og ført vidare til nye generasjonar, seier Leif Ersnes, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Galeasen Søblomsten vart bygd i Vestnes i 1864, og etter nær 160 år kom fartøyet tilbake til staden der historia starta. I 2026 vart Søblomsten sjøsett på nytt i Vestnes.

Prisen er på 50 000 kroner og eit diplom, og blir delt ut på fylkestinget i desember. 

Tar vare på levande kulturarv

Fylkeskulturprisen kan gå til ein person, ei gruppe, eit lag eller ein organisasjon som høyrer heime i fylket eller har sterk tilknyting til Møre og Romsdal. Mottakaren skal vise evne og vilje til kulturinnsats utover det vanlege, og bidra med talent, kreativitet eller nyskaping.
Prisen skal heidre særleg verdifull innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal og inspirere til å ta vare på og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Desse har fått Fylkeskulturprisen tidlegare år.