Fem råd til deg som skal velje vidaregåande
Første mars er det frist for å velje vidaregåande opplæring. Her er fem gode råd som kan gjere det lettare å finne ut kva du vil.
Kva skal eg bli, frisør eller advokat? - Tenk heller på kva du ønsker å lære meir om og kva som gir deg glede, seier Annik Kanestrøm, i Karriere Møre og Romsdal.
Jan-Ragnvald Eide
Annik Kanestrøm, karriererettleiar i Karriere Møre og Romsdal, gir deg gode innspel som kan hjelpe deg å ta eit val.
Bli kjent med deg sjølv
- Tenk grundig igjennom kven du er, kva du kan, kva du vil, kva du likar og kva du syns er viktig.
- Spør deg sjølv: I kva timar går tida fortare, når er du motivert og kva er gøy? Det vil alltid vere fag du mislikar, men det er lettare å gjennomføre utdanninga dersom du også har fleire fag du likar. Kjenner du at du får til noko, får du betre karakterar og opplever meir meistring.
Bli kjent med utdanningstilboda
Ikkje tenk på kva du skal bli
- Tenk på kva du ønsker å lære meir om, og kva som gir deg glede. Opplever du meistring og glede blir skolekvardagen mykje lettare.
- Uansett kva du vel, får du mange moglegheiter., Du kan gjere omval. Vel du feil, kan du velje på nytt.
Arbeidslivet er i enorm endring, mange av yrka finst ikkje enno
- Du skal berre velje vgs, ikkje kva du skal bli. Mange av yrka i framtida er ikkje ein gong funne opp!
- Å velje vgs, handlar ikkje berre om å lære fag, men også å skaffe deg andre ferdigheiter som er viktig for arbeidslivet: , kreativitet, teknologisk kompetanse, analytisk tenking, sjølvinnsikt, nysgjerrigheit, vilje til å lære. Du kan bruke det du lærer på mange måtar og du skal lære heile livet.
- Uansett kva du vel, vil fullført vgs gi ei god plattform å bygge videre på.
Kva er viktig for nettopp deg og ikkje alle andre
- Du blir lettare fornøgd med valet du tar viss du tenker over kva som er rett for deg.
- Det kan vere ubehageleg å velje noko anna enn vennane dine, men hugs at du får gå saman med andre som har like interesser, og det kan føre til nye vennskap. Ver bevisst på kva og kven du vil skal påverke deg.
Annik Kanestrøm er ein av fem karriererettleiarar i Karriere Møre og Romsdal, som er drive av fylkeskommunen. Rettleiinga er for vaksne over 19 år, på Nordmøre, i Romsdal, på Nordre og på Søre Sunnmøre. Tenesta er gratis.