Tidleg opning av Trollstigen kan ha gitt fleire passasjerar på Åfarnes-Sølnes ferja.
Eivind Alver
Det viser driftsstatusen for ferje- og hurtigbåtdrifta frå januar til juni. Samferdselsutvalet får presentert rapporten i sitt møte 21. oktober.
Åfarnes-Sølsnes og Eidsdal-Linge hadde størst auke i talet på køyretøy samanlikna med same periode i 2025. Driftsrapporten set veksten i samanheng med at Trollstigen opna allereie 27. april i år. I 2025 opna vegen først 11. juli.
Færre stod igjen på ferjekaia
Samtidig som trafikken auka, gjekk talet på køyretøy som stod igjen på kaia ned. Første halvår blei det registrert 2 942 attståande køyretøy, mot 3 946 i same periode i 2025. Det er ein nedgang på om lag 25 prosent.
99,5 prosent av dei planlagde ferjeavgangane blei gjennomførte. På 334 av dei 869 innstilte avgangane blei det sett inn passasjerbåt, slik at passasjerane likevel kunne reise.
12 prosent fleire hurtigbåtreiser
Også hurtigbåtane hadde trafikkvekst. Første halvår blei det registrert 227 464 reiser, mot 203 010 i same periode i 2025. Det er ein auke på om lag 12 prosent.
På alle dei tre hurtigbåtrutene blei også ein større del av dei planlagde avgangane gjennomførte enn i same periode i 2025.
Elektrifisering har fornya ferjeflåten
Elektrifiseringa av dei ti ferjesambanda som var omfatta av satsinga, er fullført. Stranda–Liabygda var sist ut sommaren 2025. Satsinga på nye elektriske ferjer har bidratt til å redusere gjennomsnittsalderen på fylkesvegferjene frå 28,5 år i 2018 til 17 år i 2026.
Saksframlegg og vedlegg til saka finn du her:
Driftsstatus ferje- og hurtigbåtdrift, første halvår 2026 (pdf, 102KB)
Vedlegg til driftsstatus for ferje- og hurtigbåtdrift, første halvår 2026 (pdf, 487KB)