Forskarar gjenopplivar over 100 år gamal kveikgjær frå Volda

Forskarar frå NIBIO og Vestnorsk kulturakademi har klart det utrulege: Å vekke til live over 100 år gamal kveikgjær frå Bjørkedalen i Volda kommune.

To menn diskuterer inne på ei gammal løe i tre. - Klikk for stort bileteHans Geir Eiken frå NIBIO og Jakob Helset der kveiken vart funne, i Bjørkedalen. Atle Ove Martinussen, Vestnorsk kulturakademi

Under prøvetaking på garden til Jakob Helset fann dei spor av gjær i ein bryggjegil – ein gamal del av ølbryggarutstyret – og har no klart å dyrke fram att den historiske gjærkulturen.

Prøva som gav resultat vart tatt frå ein tetningstråd mellom to tønnestavar, der kveiken hadde trekt seg inn og overlevd i tørka form.  

Overraska og glad gardeigar

Då leiar i Vestnorsk kulturakademi Atle Ove Martinussen onsdag ringte Jakob Helset, vart han svært overraska og glad over at ein hadde klart å dyrke fram att den gamle øl-gjæra.  

Ifølge Jakob Helset, som eigaren av bryggjegilen der prøva vart teken ifrå, har det ikkje vore brygga på garden sidan 1910. Det vil seie at kveikgjæra har lege i dvale i over hundre år.

Fleire kveik-prosjekt

Fylkeskommunen har støtta arbeidet til NIBIO og Vestnorsk kulturakademi med å ta vare på den gamle gjærkulturen, og er også involvert i arbeidet med å registrere og ta prøver av gamalt ølbryggingsutstyr i mellom anna Stranda og Fjord kommune, gjennom tildeling av verdsarvsmidlar.  

Les artikkel frå september 2024, Fann levande gjær i Geiranger, brukar DNA-analyse for å sjå om det er kveik.

– Eit høgst levande kulturminne

Arkeolog Arve Eiken Nytun som også er involvert i prosjektet, har snakka med Helset, som kan fortelje at det både har stått ei kylne (eit eige hus der ein tørka maltet) på garden, og at det også finst gamal humle i området.  

– Det at vi har klart å finne kveik i prøver også frå Bjørkedalen i Volda er svært spennande, og vi har bokstavleg talt sikra eit levande kulturminne. No er vi spente på resultata frå innsamlingane i Fjord og Geiranger, seier Nytun.