Hydro Sunndal får Fylkesprisen Årets lærebedrift

Årets lærebedrift 2025 har eit solid apparat for å sikre at lærlingane får god og tett oppfølging og at dei trivst. 

Når juryen i Møre og Romsdal fylkeskommune no kårar hjørnesteinsbedrifta i Sunndal til Årets lærebedrift er det fordi lærebedrifta har eit solid program for oppfølging av lærlingane, med særleg vekt på det psykososiale arbeidsmiljøet.
Torgeir Kårvand, fagleiar kompetanseutvikling i Hydro Aluminium Sunndal, seier dei er audmjuke og stolte både over å ha blitt nominert og ha vunne.
-    Det er utruleg kjekt å bli anerkjent for den innsatsen og jobben vi gjer for å gi våre lærlingar eit best mogleg utgangspunkt. Vi følger dei tett i heile læreløpet og jobbar kvar dag for å forbetre kvaliteten. Dette er rett og slett skikkeleg motiverande, seier Kårvand.

Tett oppfølging

Det var ein lærling og ein tilsett som nominerte Sunndalsbedrifta til prisen. I nominasjonen peiker dei blant anna på at ein som lærling blir ein del av eit stort, profesjonelt industrimiljø der sikkerheitsteknologi og lagarbeid står i sentrum. Dei framhever at bedrifta er ei av dei største lærebedriftene i Møre og Romsdal og at lærlingane får solid oppfølging.
-    Den tette oppfølginga resulterer i høg gjennomføringsgrad. Eit godt etablert system og tydelege mål i oppfølgingsplanen gjer det lettare å fullføre utdanninga, står det i nominasjonen.

Arbeidsmiljøet viktig

Hydro Aluminium Sunndal er Europas største og mest moderne anlegg for produksjon av primær aluminium. Fabrikken produserer rundt 460 000 tonn aluminium i året. Dei har ca 7000 tilsette og rundt 50 lærlingar. Årleg tar dei inn mellom 20-25 i lære.
Bedrifta er godkjent som lærebedrift i laboratoriefaget, industrimekanikarfaget, anleggsmaskinmekanikarfaget, kjemiprosessfaget, produksjonsteknikkfaget, logistikkfaget. I tillegg er bedrifta godkjent i elektrikarfaget og automatiseringsfaget gjennom samarbeidsorganet Elektrofag Nordvest. 

Lærlingane følger eit fast lærlingeprogram som inkluderer både det faglege og det sosiale.

  • 2-dagars samling for lærlingar, med teambuilding, fellesmiddag og sosialt. 
  • Obligatorisk livsmeistringskurs for 1. års lærlingar, i regi av psykisk helseteneste i kommunen. Målet er å gi lærlingane verktøy for å bygge god mental helse.


Bedrifta legg vekt på å skape sosiale relasjonar, forebygge utanforskap og eit godt psykososialt arbeidsmiljø frå start.

Totalt er det 1455 godkjente lærebedrifter i fylket. I fjor gjekk prisen til Kongsberg Maritime AS i Brattvåg.

Du kan lese meir om Årets lærebedrift her.