Kvart år kårar vi årets lærebedrift i Møre og Romsdal. Vi tildeler denne prisen fordi vi ønsker å gjere stas på lærebedrifter, fordi dei tar eit viktig samfunnsansvar og gjer ein solid innsats for å lære opp framtidas fagfolk.
Kven kan nominere lærebedrifter
Samarbeidsorgan, lærlingar og andre relevante aktørar med fagleg bakgrunn kan sende inn forslag.
Frist for å sende inn nominering
31. desember
Juryen
Juryen består av fylkeskommunen, LO og NHO. Dei vurderer dei nominerte bedriftene og gir prisen til ei bedrift som har utmerka seg i sitt arbeid med lærlingar.
- Lærebedriftene blir vurdert etter desse kriteria:
- Bedrifta er godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og har lærling eller lærekandidat.
- Bedrifta har ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.
- Bedrifta legg til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
- Bedrifta har høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.
- Bedrifta kvalitetssikrar læreforholdet gjennom dokumentasjon.
Send inn nominasjonen din her
Kåringa blir gjort på bakgrunn av nominasjonen, det er derfor viktig at du gir ei god beskriving av lærebedrifta. Dersom du er lærling og vil nominere lærebedrifta di, kan du snakke med bedrifta for å få hjelp til å fylle ut skjema.
Fyll ut skjema for å nominere bedrifta