- Stranda: Måndag 19. mai kl. 18:00-19:30 på Stranda vidaregåande skule
- Tingvoll: Tysdag 20. mai kl. 18:00-19:30 på Tingvoll videregående skole
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken kjem for å informere om prosessen fram mot eit politisk vedtak om ny skole- og tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring 2026-2040.
Måndag 2. juni blir kunnskapsgrunnlaget til saka opna for høyring. Grunnlaget vil bestå av eit høyringsdokument med ei foreløpig tilråding, samt fem delrapportar som tar føre seg:
- Elevtalsutvikling, kompetansebehov og tilbod
- Kvalitet i opplæring
- Driftskostnad og investeringsbehov skolebygg
- Skoleskyss
- Økonomi
Høyringsfrist er 1. september. Alle som vil kan delta i høyringa. Etter at innspela er mottatt, startar arbeidet med å lage saka som skal munne ut i ei endeleg innstilling frå fylkeskommunedirektøren. Den politiske saka og innstillinga vil vere klar i oktober/november.
Det var fylkestinget som i desember 2024 vedtok at fylkeskommunedirektøren lagar eit kunnskapsgrunnlag for eit vedtak om framtidig skole- og tilbodsstruktur. I vedtaket ber fylkestinget om at fylkeskommunedirektøren går i dialog med Stranda og Tingvoll kommune for å avklare om det er grunnlag for eit samarbeid med kommune, næringsliv og fylkeskommunen om moglege utdanningstilbod, herunder særeigne og unike tilbod.
Saka om ny skole- og tilbodsstruktur blir avgjort av fylkestinget 9.-10. desember.
På nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune er det laga ei samleside med informasjon om ny skole- og tilbodsstruktur.
Du finn innhaldet ved å følge lenka eller skrive inn adressa mrfylke.no/skolestruktur i nettlesaren.